Biletet er henta frå rapporten " Industrial livestock production and its impact on smallholders in developing countries" på nettsida http://www.pastoralpeoples.org/ Eit av punkta som FAO (Food and Agricultural Organization) peikar på når det kjem til matsikkerhet, er bevaring av lokale, økologisk tilpassa og levedyktige husdyrrasar. Å fjerne og utrydde desse, svekkar grunnlaget for matproduksjon. Mange av desse rasane avheng av at kulturelle levesett blir oppretthaldne for at dei fortsatt skal kunne eksistere. Om det ikkje er att beitemarker, må flokkane slaktast, og blir flokkane slakta, blir rasar utrydda. Berre i India er nærmare tretti lokale husdyrrasar trua av utryddelse på grunn av indiske myndigheters jag etter å produsere melk i verdsklasse, av høgproduktive dyr "i verdsklasse". Lokale husdyrrasar er utvikla saman med menneska dei lever ilag med i lokal kultur og lokalt økosystem. Dei er tilpassa skifte mellom tørketid og regntid, dei kan trekke plog. Vil ...