Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra juli 2, 2009

Viksdalen - vill, vakker og kaffekanne

Russland: ikkje for pingler

På ein pub i den nordfinske villmarka møtte eg den russiske bjørnen. «Anne, how are you?» Det er Kelly, sjef for tolv krabbetrålarar under russisk kommando, som er på tråden. «Vi er i Oslo i kveld, seier han. Vil du bli med ut å ete?» «Yes,» seier eg og set meg på første trikk. Kelly er ingen trøtt Blindern-type. Han er ein real krabbefisker med jobb på Barentshavet og havn i Kirkenes. Lærer seg knep Første gong eg møtte Kelly var i 2007 under ein fotoseanse med ordførarkandidat, og seinare ordførar i Sør-Varanger, Linda B Randal (Ap) på kaia i Kirkenes. Kelly heiste meg ned i lasterommet på trålarane, viste fram krabbefabrikken og dei trange lugarane, kjøkkenet og krabbeteinene som tårna seg opp på dekk. Året etter kom eg tilbake og vi festa på Kirkenesdagane saman med mannskapet. Igjen satt vi i dei trange lugarane og drakk russisk te. «Men no sender russarane oss heim til USA,» seier Kelly der vi sit benka med kvit duk på Aker Brygge eit halvt år seinare. «Russarane har lært seg ...