Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra januar 1, 2008

Årskavalkade, biografier

Eg har i året som gjekk lese to og ein tidels stykk biografi/dagbøker. Årets fall. Gerd-Liv Valla. No gledar eg meg til/venter i spenning på neste bok på Valla-fronten. (Dessuten Valla-filmen som er sagt skal kome). Eg meinar begge Valla-bøkene som kom i haust er bra lesestoff, men held ein knapp på DN-journalist Torstein Tranøys Vallas fall som favoritt. Vil du ha heile storyen: les Vallas eiga bok, Prosessen , først og Tranøy si etterpå kort sagt fordi du då får Vallas oppfatning av situasjonen som bakteppe medan du les Vallas fall . Ho ga jo ikkje uttalelser, eller rettare sagt trakk alle uttalelsane som ho kom med til Tranøy. Dessutan er Tranøys Vallas fall langt betre skriven enn Vallas Prosessen. Les du dei i omvendt rekkefølge får du jo både "fasiten" og den beste lesaropplevinga først. Eg vil altså anbefale omvendt rekkefølge. Eg prøvde meg på Karl I Hagens biografi, Ærlig talt , men det var seige greier. Boka begynner med at Hagen var liten gut, gjekk til skulen,