Gå til hovedinnhold

Årskavalkade, biografier

Eg har i året som gjekk lese to og ein tidels stykk biografi/dagbøker.

Årets fall. Gerd-Liv Valla.

No gledar eg meg til/venter i spenning på neste bok på Valla-fronten. (Dessuten Valla-filmen som er sagt skal kome). Eg meinar begge Valla-bøkene som kom i haust er bra lesestoff, men held ein knapp på DN-journalist Torstein Tranøys Vallas fall som favoritt. Vil du ha heile storyen: les Vallas eiga bok, Prosessen, først og Tranøy si etterpå kort sagt fordi du då får Vallas oppfatning av situasjonen som bakteppe medan du les Vallas fall. Ho ga jo ikkje uttalelser, eller rettare sagt trakk alle uttalelsane som ho kom med til Tranøy. Dessutan er Tranøys Vallas fall langt betre skriven enn Vallas Prosessen. Les du dei i omvendt rekkefølge får du jo både "fasiten" og den beste lesaropplevinga først. Eg vil altså anbefale omvendt rekkefølge. Eg prøvde meg på Karl I Hagens biografi, Ærlig talt, men det var seige greier. Boka begynner med at Hagen var liten gut, gjekk til skulen, låg under golvplankane på hytta på Sørlandet som foreldra hadde kjøpt av hensyn til Karl og hans søsken, og at han hadde sommarjobb. Deretter følger det slag i slag med stryk på eksamen, bestått på eksamen, Hagen-familiens glede ved å flytte inn i nytt hus frå det gamle, og Hagens trøbbel med å sitte rolig i timane.

Det blir bra seigt når det trekker av stad over tettpakka side etter side og side atter opp og ned. Dessutan har Hagen ein gansk så rett fram slentrande måte å skrive på at du føler det heile blir ganske einspora og enkelt. Greit nok, Hagen er ein enkel mann med enkle budskap som vel slår an, men dette blir vel enkelt til tider. Språket er også ganske kjedelig og historia dønn paddeflat, med unntak av om du syns det er artig når Hagen omsider får seg sommarjobb på veiarbeid der han til og med gjer ein dårlig jobb.

Nei, Hagen skulle slått an tonen og smelt i vei i reportasjeform og fått litt gas på spenningskurven. Det klarer Valla og Tranøy, men der skjer det jo faktisk noko også da. Hagens liv dei første titalls sidene er jo beint fram kjedelig. Det må ha vore eit seigt arbeid for forlaget å redigere boka, eller står den som Hagen skreiv den sjølv? Eg får med ein gong litt medynk med forlagsfolk som må sitte med slike ekstreme mengder papir med så hisides tørr tekst og berre lese i vei, rette kommafeil og kutte sider.

Det er fryktelig mykje overflødige ord i bøker skrivne av ikkje-forfattarar/ ikkje-journalistar. Feks Rosa Prosa som kom ut her i 2005 og var pakka med uredigerte, litt dvaske tekstar, som heller på ingen måte var sjokkerande, men den om det. Den er utdiskutert. Eg lurer litt på kor mange Hagen-fans som faktisk klarer å hakke seg gjennom heile den giganten av ei kjempebok. Den har jo lagt på salgstoppen no før jul, slått av Eli-biografien riktig nok såvidt eg har skjønt, men omtrent likt med Valla-bokas salg (Prosessen). Den er vel oppi 40.000 trykte eksemplar. Vallas fall i 9.000.

No driv eg å les ei gudsjammerlig mannssjvenistisk bok frå tjuetalet om utvandrarane til USA. I de dage heiter den. Dessuten ei samling korte historier av Karen Blixen, samt Hemningway, som vel er ein av mine litterære heltar, om enn ein jævla mannssjvenist. Eg vert av og til dritforbanna på hovedpersonen I de dage, han driver å rir ut på prærien og samler inn rømte kyr mens han hankar inn høner og setter poteter til den store gullmedalje medan kjerringa berre sitter heime å griner og skjelver og denger ungane kvar einaste kveld. Det er ganske typisk for utvandrarromanar. Eg las også den svenske serien Utvandrerne, Innvandrerne, SIste brevet hjem her for nokre år sidan. Det er samma stilen. Damene uler og ber seg og mannfolka rir av stad over prærien, passar på kjerringa og tenker for to.

Godt nytt bokår er min konklusjon på det heile. Eg kjem tilbake med disseksjon av manns- og kvinnefigurar i desse bøkene seinare så får folk lese Valla og ligge unna Hagen så lenge.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre ...

Faktafeil om eggproduksjon frå Matprat

Matprat påstår at levetid for høner er 70 veker. Dette er ein faktafeil. Deretter blir dei slakta og solgt som høns, skriv matprat. Dette er også ein faktafeil. Dei fleste høner blir gass  ihjel og etterpå brent.  Fakta er at verpehøner i industrielt verpehønshald blir slakta etter 70 veker. I naturen, eller om dei får sjansen, kan høner leve i opp mot ti år. Levetida er altså ganske mykje lenger enn matprats påståtte 70 veker. Slik Matprat framstiller det, kan det oppfattes som at høner blir slakta når deira levetid likevel er slutt. Dette er altså feil. Dei blir slakta lenge, lenge før. Verpehøner i industrielt fjørfehald har fått rugeeigenskapane sine bortavla. Dei kan altså ikkje formeire seg naturleg. Dei må rugast ut i rugemaskin. Høner i naturen ville lagt to tre fire kull med kyllingar per år, med rundt ti kyllingar i kvart. Det er ikkje naturleg for ei høne å verpe kvar dag, men gjennom avl har ein fått fram høner som verp seks egg i veka, og ein avlar...

Tamme elgar som produserer ELGpapir, ELGolje og ELGmelk

I Jämtland lagar Sune Häggmark papir frå elgmøkk, ost frå elgmelk og lanolin frå elgpels. ­ Verdas dyraste ost! roper Sune Häggmark på svensk, stotrande engelsk og improvisert fransk. ­ Shit is money! Money, money, money! Jag älskar moose!   Fleire titals turistar, deriblant mange nordmenn, står tett i tett på tunet i Orrviken, ein kjapp køyretur sør for Østersund i svenske Jämtland. Her har Häggmark realisert sitt eige elgparadis med produksjon av papir frå elgmøkk, ost frå elgmjølk og lanolin av feittet i elgpelsen. Han er den entusiastiske gründeren bak turistverksemda Moosegarden, eller "elghagen" på norsk. Häggmark lever godt, svært godt etter at Moosegarden vart starta i 1997 som ein følge av to morlause kalvar som trong ein heim. Han gjer det klinkande klart for dei store flokken turistar at det er ei mengde pengar i elg. Moosegarden eksporterer elg til Polen, Tyskland og England. Inspirasjonen hentar han frå Russland. Ein tam elg kostar 35 0...