Kor mange litteraturanmeldere og forfattere er det som må lære sine lesarar å lese før dei kan diskutere med dei? Neppe så mange. Men på det nivået er vi altså i debatten rundt landbruk og matproduksjon. Det er i grunn ein parodi på ein debatt der lekmenn fornekter fakta og fagfolk blir sett på som propagandafolk. Det er underlig og det er til slutt folk sjølv dette vil slå tilbake på. Demokratisk debatt er ein ting. Kompetansebasert demokratisk debatt er noko ganske anna, og dette har vi ikkje rundt matproduksjon per idag.