Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra juli 18, 2011

Eit hundeliv

Guds ord står over Mattilsynet. / Ein må stille strengare krav til hobbydyreeigarar. Denne kommentaren stod på trykk lördag 16.juli 2011 som Signert-artikkel i Klassekampen. Link til artikkelen i PDF. “Meldingene om kritikkverdige forhold for norske kyllinger er blitt så mange at Mattilsynet i år vil inspisere kvar fjerde slaktekyllingprodusent”. Dette skriv Aftenposten. Det er eit bra tiltak, men det er ikkje berre kylling- og pelsprodusentar som treng ein inspeksjon. Vi må utvide horisonten og inspisere dei delar av dyrehaldet som er omgitt av positiv storytelling, ikkje berre det vi frå för av veit er ille fatt. Det er på hög tid å stille strengare krav til dei som held hobbydyr. Det er ein menneskerett å shoppe ein kanin på dyrebutikken, som ein så let sitte einsam i eit bur, lar ungane herje med, gir feil mat så den blir sjuk, för den til slutt stryk med. Utad er du ei god mor eller far, men det er ikkje heile sanninga. Du er også ein dyreplagar. Å halde hest, hund og katt