Bestandane av fisk og sjøfugl i Nordsjøområdet er kritisk låge. Men medan bestanden av torsk og andre kvitfisk langt på veg er avhengige av langsiktig klimapolitikk, er sjøfuglbestandane mogelege å redde ved regulering av fiske. Med andre ord, Klassekampen 8.november 2006 Saka er stadig like aktuell. Les Bergens Tidende 19.nov 2010. Dalsfjorden . Tom Johannessen står på Bakkeneset i Holmedal og fiskar i fjorden. Timane går. Ingenting bit, ikkje eingong eit napp. Fjorden ligg dørgande stille. For ti år sidan var det sjeldan ein ikkje fekk fisk, no er det sjeldan at ein får fisk. Johannessen ruslar tilbake til hytta. Han er bekymra. Kva er det som skjer? No har han slutta å fiske i fjorden. Henning Vik sit utanfor naustet i Holmedal og speidar utover fjorden, men ingen fisk hoppar. Naboen har slutta å sette garn. Sjølv på hundre meter garn får han ikkje nok fisk til å fylle ei gryte, eller fø opp ein katt, som han seier det. Vik sjølv reiser ti nautiske mil vest om Bulandet for å h...