13. mai 2011

Økologisk kriseområde: Nordsjøen


Bestandane av fisk og sjøfugl i Nordsjøområdet er kritisk låge. Men medan bestanden av torsk og andre kvitfisk langt på veg er avhengige av langsiktig klimapolitikk, er sjøfuglbestandane mogelege å redde ved regulering av fiske.

Med andre ord, Klassekampen 8.november 2006

Saka er stadig like aktuell. Les Bergens Tidende 19.nov 2010.

Dalsfjorden. Tom Johannessen står på Bakkeneset i Holmedal og fiskar i fjorden. Timane går. Ingenting bit, ikkje eingong eit napp. Fjorden ligg dørgande stille. For ti år sidan var det sjeldan ein ikkje fekk fisk, no er det sjeldan at ein får fisk. Johannessen ruslar tilbake til hytta. Han er bekymra. Kva er det som skjer? No har han slutta å fiske i fjorden.
Henning Vik sit utanfor naustet i Holmedal og speidar utover fjorden, men ingen fisk hoppar. Naboen har slutta å sette garn. Sjølv på hundre meter garn får han ikkje nok fisk til å fylle ei gryte, eller fø opp ein katt, som han seier det. Vik sjølv reiser ti nautiske mil vest om Bulandet for å hente opp torsk til lutefisken som heng under taket i naustet.
Da Henning Vik flytta hit i 1973, var det nok å ta ein snartur på fjorden for å skaffe seg middag. Han synest utviklinga er skremmande, og den går fort. I eit tiårsperspektiv har fiskebestandane i Dalsfjorden gått ned med rundt nitti prosent, skal ein tru fiskarane som driv på sjøen. Dei same tendensane ser ein i havet rundt Bulandet.

Forskar Reidar Toresen ved Havforskningsinstituttet i Bergen seier observasjonane til fiskarane Henning Vik og Tom Johannessen er i tråd med forskningsdata.
– Torsk og hvitting er i ei elendig forfatning i Nordsjøen. Hovedårsaka er ein kraftig nedgang i planktonmengda som igjen gir rekrutteringssvikt i fiskebestandane.
Spesielt har bestanden av planktonet Raudåte sunke siste tjue åra. Dette gir dårlege beiteforhold for fisken. I tillegg fører sterkt fiskepress og låge forekomstar av tobis (ein småfisk) til at fiskebestandane er låge, seier Toresen. 
 
Det er vår. På tusen meters djup startar mange milliardar dyreplankton oppstigninga frå overvintringsområda. I øvre vasslag slår dei seg til ro og begynner å legge egg som i løpet av sommarmånadane utviklar seg til vaksne individer.
Raudåta er ein nøkkelart i det nordlige Nordatlanterhavet sitt økosystem. Det lille krepsdyret når ei lengde på 3-4 mm i vaksen tilstand, og har ei heilt dominerande rolle som bindeledd mellom produksjon av planteplankton og produksjon av fisk, skriv forskar Svein Sundby ved Havforskningsinstituttet i Bergen. Raudåta utgjer mellom femti og nitti prosent av den samla biomassen av dyreplankton på norsk kontinentalsokkel og i Barentshavet.

Torskebestanden i Nordsjøen har best rekruttering i kalde år. Årsaka er at i kalde år er beiteforholda på dyreplankton best. Havtemperatur og forekomst av raudåte er også sterkt knytta saman via havstraumane som endrar seg med klimaet.
-- Vi meinar nedgangen i planktonmengda heng saman med klimautviklinga. Meir ekstremver gjer at raudåten vert ført nordover med straumane. Fiskebestanden i Nord-Noreg har dermed gode produksjonsforhald og er i god forfatning. Jo meir lågtrykk og milde vintrar, jo mindre mat for fisken i Nordsjøen, seier Toresen.
I tillegg fører varme somrar til at fisken går lenger ut i havet og ned på større djup. Dette fører til at den ikkje lenger er tilgjengeleg for fiske i same områder som fiskarane tradisjonelt er vant med å finne den.
-- Torsken veks opp i Nordsjøen og vandrar inn i fjordane. Når rekrutteringa sviktar, vert resultatet tomme fjordar, seier Toresen.

Makrell. -- Langs heile vestlandskysten er det lite fisk å få bortsett frå makrell. Spesielt torsk er på eit kritisk lågt nivå i Nordsjøen, og ein bør vurdere å stoppe fisket.
Den hurtigsvømmande makrellen vandrar høgt i vassmassane over store områder. Den er ikkje så stadbunden som torsken, ikkje så avhengig av lokale forhald og difor ikkje ramma like hardt av nedgangen i planktonmengda som dei meir stadbundne artane.
-- Vi ser veldig alvorleg på situasjonen og har fleire prosjekt gåande for å sjå på årsakene til det sviktande fisket langs kysten, seier Toresen og peikar på at det manglande fisket kan vere ein situasjon ein blir nøydd til å avfinne seg med over tid. 
 
-- Det er lite vi kan gjere med klimautviklinga utover å arbeide langsiktig med utslepp av klimagassar og likande. Det kan vere vi må leve med at her er lite fisk i enkelte områder.
Men enkelte ting kan vi gjere noko med. Tom Johannessen og Henning Vik sit utanfor naustet til Vik å drikk kaffe. Ein einsleg måseunge ruslar rundt ute på piren. Vik fortel at før brukte ternene å sitte tett i tett på berga. No har han ikkje sett dei på fleire år. Tidlegare krydde det av måsar, no er der ingen.

Sommaren 2004. Det blir meldt om total hekkesvikt for sjøfuglane på Shetland, Orknøyene, Skottland og det nordlege England. Det blir gjetta på at eit samanbrot i Nordsjøbestandane av sil (tobis) er den direkte årsaka. Samstundes er det total hekkesvikt i sjøfuglbestandane langs vestlandskysten.

Tobis er ein liten, rar tynn fisk med hovud som eit bor og torpedoforma kropp. Heile vinteren ligg den i dvale i botnsand, og i beiteperioden fra april til juli tilbringer den døgnets mørke timar på same vis. Om dagen sym den omkring som mat for større fisk og sjøfugl, men per dags dato er det altfor lite tobis som sym omkring og tilbyr kroppen sin som føde. Årsaka er at den eignar seg altfor godt som fiskeolje og laksefôr.

Industritrålfisket etter sil i Nordsjøen har tidlegare ikkje vore regulert frå norsk side, og fordi sil opptrer i tette stimar kan fangsteffektiviteten være høg sjølv ved låge bestandsnivå. Fiskar ein opp ein stim, kan ein lett utrydde ein heil bestand, og i fleire år har det blitt drive eit massivt overfiske av sil i Nordsjøen. I tillegg reknar at ein auke i sjøtemperaturen kan ha vore med å påverke situasjonen for silen ytterlegare i negativ retning.
Sommaren 2005 stoppar Fiskeridepartementet fisket etter tobis umiddelbart på tilrådning frå Havforskingsinstituttet. Bestandane av sjøfugl hadde nådd kritisk låge hekkenivå. I år hekkar omtrent ein av ti sjøfuglar langs kysten, ei betring frå null i 2004, men situasjonen er i følge Tore Larsen hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, fortsatt svært kritisk. Fuglane finn ikkje nok mat til at dei legg egg. 

I august gjekk fleire nordiske miljøvernorganisasjonar ut og ba Nordisk ministerråd engasjere seg for å redde sjøfuglbestanden. Dei ønskjer at ministerrådet set ned eit ekspertutval som kan kartlegge den dramatiske nedgangen i sjøfulgbestanden i dei nordiske landa og kome med framlegg til tiltak. Miljøvernorganisasjonane peiker sjølv på matmangel som følgje av overfiske, særleg av tobis, som ei årsak til at det vert færre sjølfugl, og viser til at fiskekvotene i årevis har lege langt over det nivået som Det internasjonale havforskingsrådet har anbefalt.

Juli 2006. Sola steiker over båten til naturoppsynsmann Tore Gundersen i det vi legg frå land frå småbåthavna i Florø. Vi passerar industrianlegga til Ewos som blant anna produserer fiskefôr frå tobis, og stoppar eit par timar seinare på Ytre Torshamrane nord i Sognefjorden for å fotograferer dei ungelause sjøfuglane.
Men Gundersen har enda meir han vil vise meg. Han peikar på oljeklumpane som driv i land. Store, svarte seige koksaktige klumpar sit klistra til berga. Vi legg til land i jolle og løyser dei med kniv. Undersida er klissete og seig. Eg ringer Kystverkets beredskapsvaktlag. Dei har ikkje tidlegare høyrt om funna. Seniorforskar Svein Ramstad ved avdeling for marin miljøteknologi ved SINTEF i Trondheim, kjenner ikkje til klumpane men trur dei kan stamme frå tung bunkersolje.

-- Denne typen olje er den billegaste oljetypen ein får tak i. Mange cruiseskip og større lastebåtar bunkrar antageleg denne oljen, seier han men kan ikkje fastslå noko sikkert.
Ytre Torsholmane ligg like ved leia cruiseskipa nyttar når dei går innover Sognefjorden til Geiranger.

Kjem frå havet. Klumpane kan eventuelt ha kome frå havet med ein sidestraum frå Golfstraumen som bøyer inn nord for Orknøyane. Der kan dei stamme frå utslepp frå båtar eller plattformar. Oljen er ikkje giftig, men klebar seg til fjøyr og kan skade og ta livet av sjøfuglar.

Det er altså ikkje berre matmangel som trugar sjøfuglane i havgapet. Over oss kretsar måsane, men idyllen er fiktiv. Mange fuglereservat langs kysten har ingen hekkande måsar, ingen ungar og ingen egg. I 2005 var det total hekkesvikt i bestanden av gråmåsar. Også svarbak, fiskemåse og sildemåsar stod over hekkesesongen. Berre nokre få par av desse artane ser ut til å ha lagt egg, og måseungar i tilnærma flygedyktig alder blei det berre registrert to av i dei 27 undersøkte sjøfuglreservata i 2004. Toppskarven har fått seg ein kraftig knekk, og fleire områder som før var sentrale hekkeområder for teis, står utan fugl. I 2006 antar ein at ein av ti sjøfuglar hekka langs kysten. Fleire artar av måse er utrydningstruga, og tobisen ser ein knapt sporet av sjølv om fisket er stoppa. 
 
Sjølv om ikkje alle sjøfuglar lever direkte av sil, vil ringverknadar på næringskjedene kunne få følgjer for dei fleste av dei artane som hekkar langs kysten av Sogn og Fjordane.