Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra april 23, 2012

Større skala på norsk landbruk er ikkje eit problem. Vi må bytte ut ordet skala med relevante ord som klima, driftsform og kompetanse.

I Norge er "skala" eit vanleg brukt ord i debatten om landbruk. Vi vil ha vårt "småskala" landbruk, og ja norsk landbruk er småskala, over heile fjøla, i ein internasjonal kontekst. Vi er veldig skeptiske til å øke skalaen, altså få større og færre gardar. Eg er ikkje skeptisk til dette i det heile utfrå tanken om kvalitet og dyrevelferd. Og kvifor det? Fordi dyrevelferden er best på store gardar. Dette er ei erfaring veterinærar i felt fortel om. Altså: jo større gardar, jo betre er dyrevelferden. Sjølvsagt finst der unntak. Og kvifor er det slik? Jo fordi på større gardar er garden hovedfokuset, ikkje jobben ved sida av. Dette er også mi eiga erfaring. Det er ein grunn til at ein svensk kollega, og spesialist på melkekyr, sa at det er flott når deltidsbøndene legg ned. Og kvifor er det flott? Fordi det hevar nivået på dyrevelferden når bonden blir større og er bonde på heiltid. Før eg sjølv fekk praktiske erfaringar frå felt, og før eg sjølv fekk eit ne