Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra januar 14, 2008

Simone de Beauvoir: Klædt af til skindet

På den dagen Simone de Beauvoir ville ha fylt hundre år, trykte Klassekampen et bilde av ei naken de Beauvoir på framsida. Reaksjonane lot ikkje vente på seg. Feminstar rykka ut og kalte "bildestuntent" for pinlig. Eg kallar meg også feminist, men eg syntes at bildet var nydelig, kort sagt. Sjå bildet her: Information. "Men kvinder gøres i patriarkatet til passive objekter og har derfor længere vej til at blive til eksistentialismens højt besungne frit vælgende subjekt. " (Information) Mitt spørsmål er: skal pornoblader og manneblader ha monopol på naken kvinnekropp? Eller naken kropp i det heile tatt? Når skal vi/ folk/ ein del av venstresidas feminister få eit naturlig forhold til kropp? Kropp er trass alt det mest naturlige som finst. Eg blir til tider så dritlei av feminister som messer om at kvinnekroppen er eit objekt så snart det trykkes eit bilete av ein naken kvinnekropp, uansett setting. Kven er det som gjer kroppen til eit objekt? Den som kaller den for e

Tid

Lørdags las eg ein kommentar av journalist Katrine Sele i avisa Firda om tid. Om fullstappa avtalebøker og sjuande sans der ein må leite seg fram til ei ledig luke der ein har tid til å stikke innom naboen på kaffe. Om at tida egentlig berre er det du har her og no, ikkje det du ein gong skal oppnå. Eg har tenkt mykje på tid sjølv. Eg legger jo merke til at nesten alle lever hektiske liv i ein tettpakka timeplan. Eg liker ikkje tettpakka timeplanar. Eg likar å flyte avstad, lage avtalar når det passar seg og ellers vere plan- og avtalelaus. Greit nok, ein har jobb og studier, men ein treng jo streng tatt ikkje ha fleire avtalar enn akkurat det. Det betyr ikkje at ein er planlaus, men at ein har eit litt meir flytande forhold til tid. Ein har jo alltid hundre planar, men alt til si tid og ikkje alt på ein gong. Det er utrulig kva ein får tid til dersom ein lar vere å stresse. Då kan ein også flyte avstad og møte folk når det passar, drikke kaffe og ellers jobbe om natta om ein får lyst