Påfugler er rimelig harde sjekkere. Dei brisker seg skikkelig for damene. Her har definitivt gutta noko å lære. Men eg meiner ikkje at gutta skal begynne å vifte så hardt med stjerten at ein høyrer det skikkelig knake i fjøra. Det gjer nemlig påfuglen. Påfuglens framside. Påfuglens bakside. Dama får mykje merksemd, det trur eg ho liker. Ho stikker ikkje av men henger i nærheten. Det kan tyde på interesse. Han er rimelig god til å vise interesse, men han lar vere å feks knipe ho i ræva eller gjere andre banale ting alla "eg har sett deg før"-utsagn. Han driver heller ikkje å snakker ho i senk om kjedelige ting som bensinprisar. Dessuten kler han seg pent og driver ikkje å sender sms heile døgnet. NÅr det er på tide å ete, kutter han ut sjekkinga. Der møtte påfuglen ein rival. Sjå til høgre i biletet. Det er ein kyllingpåfugl som driver å prøver seg på dama i vinduskarmen. Dødsliten stjert. Den her påfuglungen er litt over eit halvt år gammal og kan ikkje matche sin far. ...