Vårens vakraste eventyr?
Lam er ærlig talt ganske stygge og klissete når dei blir fødde, men det kjem seg etterkvart.
Eg og Hundulf går tur i gamleveien. Eg las i Aftenposten idag at folk har svært stereotype oppfatningar av bygda som ein traust stad utanfor allfarveg der du iallefall ikkje kan bu om du er ung og innovativ. Dette er svært feil. Er det noko eg er imponert over, er det blant anna tiltakslysta i mi eiga heimbygd, Bygstad, der det både er fabelaktig natur og fabelaktig tiltakslyst. Her har vi Tønna, Åmot gard, Kårstad bruk, Vikingfjorden og Vikinglam og alt mellom himmel og jord. No skal vi til og med få skywalk ved fjorden.
Grantre driv å veks i vei. Her er ekstremt masse skog over alt. Og eg for min del likar å sole meg i granskog. Blir det for varmt kan ein henge av seg gensarar og jakker på tre langs vegen så slepp ein dra på det. Her er nemleg svært bratt.
Stubber i haugevis. I går las eg i Firda at dei driv å høgg 400 år gamle furuer på Sande. Dei var hogstklare i 1814. Det setter ting i perspektiv. I dag las eg i Aftenposten at ein kar vil feire 200 årsjubileumet etter 1814 med å skille stat og kirke. Eg er forsåvidt enig. Stat og kirke bør skilles, men eg er usikker på om det er det som bør vere fokus når vi feirar 200-årsdagen til grunnlova vår.
No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske. Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...