Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra april 5, 2008

Falne engler- Varg Veum på kino

Eg er ein ukritisk fan av Varg Veum , og uansett kva Veum foretar seg, anten det er i bok- eller filmform, er eg begeistra. I dag var eg på kino og såg Falne engler. Det var absolutt verdt det, og sidan eg ikkje har lese boka, vart eg like skremt og overraska kvar gong ei ny dame vart tatt og hengt opp med renneløkka rundt halsen. Det høyrer med til historia at eg er ein av dei som rykker tilbake i setet, holder meg for øyra og tidvis også augene når eg er på kino. Eg såg også den forrige Varg Veum-filmen, og var svært begeistra. Dessuten digga eg Dødens drabanter , Gunnar Staalesens siste bok. Handlinga var blant anna lagt til Førde, og til Dalsfjorden og Bygstad der eg kjem frå. Då blir det unektelig litt meir artig å lese, Staalesen kjenner området ned på detaljnivå. Bergenstriologien 1900 Morgenrød, 1950 High Noon og 1999 Aftensang gjekk også rett heim hos meg, samt tusenvis av andre. Men på kriminelle dagar i Førde i 2006 sa Staalesen at han aldri meir skulle skrive ein historisk