Gå til hovedinnhold

Falne engler- Varg Veum på kino

Eg er ein ukritisk fan av Varg Veum, og uansett kva Veum foretar seg, anten det er i bok- eller filmform, er eg begeistra. I dag var eg på kino og såg Falne engler. Det var absolutt verdt det, og sidan eg ikkje har lese boka, vart eg like skremt og overraska kvar gong ei ny dame vart tatt og hengt opp med renneløkka rundt halsen. Det høyrer med til historia at eg er ein av dei som rykker tilbake i setet, holder meg for øyra og tidvis også augene når eg er på kino.

Eg såg også den forrige Varg Veum-filmen, og var svært begeistra. Dessuten digga eg Dødens drabanter, Gunnar Staalesens siste bok. Handlinga var blant anna lagt til Førde, og til Dalsfjorden og Bygstad der eg kjem frå. Då blir det unektelig litt meir artig å lese, Staalesen kjenner området ned på detaljnivå.

Bergenstriologien 1900 Morgenrød, 1950 High Noon og 1999 Aftensang gjekk også rett heim hos meg, samt tusenvis av andre. Men på kriminelle dagar i Førde i 2006 sa Staalesen at han aldri meir skulle skrive ein historisk triologi. Det vart kort sagt for mykje detaljar og research, eg trur til tider det må ha vore ganske traumatisk å sitte og sjekke gjennom gamle aviser og vermeldingar for å kunne skrive riktig ver og temperatur klokka fire om ettermiddagen 4.oktober 1939 for eksempel. Også her er Varg Veum med, og hugsar eg ikkje heilt feil, vert han unfanga når mor hans er utru medan ho tek båten langs vestlandskysten.

Men tilbake til filmatiseringa av Falne Englar. Det er enno ganske rart av Varg snakkar bokmål, og Pia Tjelta i rolla som den andre "falne engelen", funka sjølv om eg vel kan bli litt lei av å sjå Tjelta på lerretet. Varg Veum-filmen skal liksom vere Varg Veum, og hos Gunnar Staalesen finn ein ikkje Pia Tjelta. Tjelta tok vekk litt av følelsen av at dette er "virkelig ein virkelig Varg Veum-film". Tjelta er jo unektelig klistra utover kvar einaste avisside året rundt. Og ho er ikkje med i nokon av bøkene til Staalesen om du skjønar meg.

Varg Veums nettside og Varg Veums verden.
Boka Falne Engler som no har blitt film.

Populære innlegg fra denne bloggen

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Bløff om burhøns

Du har kanskje lese det i media: bur for verpehøns er no forbode i Norge. Den glade nyheten spreidde seg som eld i tørt gras etter nyttår. Der er berre eit problem: burhøns er ikkje forbode i Norge. Det har berre kome ein ny type bur. Verpehøns står ikkje lenger i såkalt tradisjonelle bur, men i miljøinnreia bur. ”Egg fra burhøns” lyder advarselen på eggkartongene på Rema 1000. Upresis markedsføring, mener Fjørfelaget» (Animliasnettsider). Denne artikkelen stod på trykk som gjestespalte i Nationen 14.juni 2012. Den stolte hane bløffar også om bur. Fjørfelaget er sinte fordi Rema 1000 merker egg frå burhøns, med «egg frå burhøns», men sjekkar vi ut videoane Animalia har lagt ut av dei nye såkalte miljøinnredningane for verpehøns, skal ein ha rimeleg dårleg syn for å kunne påstå at dei nye bura ikkje er bur. Til og med kvinna som viser fram bura, omtaler bura som bur. Dette må vere ein taleglipp frå Nortura si side, då det er samvirket sjølv som står bak videoen. Nortura ...

My Fair Lady goes heidundrande bygdesatire

Tirsdag 26.februar såg eg prøveforestillinga på My Fair Lady goes Sogn og Fjordane ved SoF teater i Førde. Framfor ein ganske full sal, køyrde teateret eit heidundrande show frå start til slutt. Det starta ganske irriterande med at sjølvrettferdige bygdefolk lot seg provosere av Lise frå Frogner som kom til Framdalen etter at far hennar hadde gått konkurs. I Framdalen møtte ho dei klassiske haldingane som ein møter når ein kjem til enkelte grender som innflyttar. Her i bygda har vi det vi brukar å ha, og spør du etter noko anna, så er du galen. Spør du etter ein avansert vin? Nei du, her har vi kvitvin på kartong! Sånn omtrent. Her gjer vi slik, og om du meiner noko anna, så har du å tilpasse deg. Det var svært treffande. Faren og Lise ved Lises ankomst. Foto Olav Reiakvam Far til Lise mellom bonden og Lommeheim på kroa. Foto: Olav Reiakvam Lise på si side meinte Framdalen var ein regnfylt stad med lite å sjå på, samt tusenvis av mil til folk. Hard overgang ...