Går det an å gjere andre ting på bygda enn å drikke seg dritings, køyre bil på livsfarlige smale veier og melke kyr? Eg begynner faktisk litt å tvile. Greit nok, ein kan jage litt bjørn og nyte frisk luft og fin natur, men eg syns det er sabla drøyt at eg feks ikkje har internettilgang. Eg tenkte faktisk seriøst at det hadde vore kult å flytte tilbake til Bygstad, men det har eg vel seriøst begynt å tvile på. Det er kort sagt ikkje tilrettelagt for folk i Sunnfjord med dei krøkkete veiene og det elendige internettet, men det må erfarast det også.