Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra april 11, 2009

The devil does not wear Prada

På flyplassen i Hyderabad kjøpte eg ein dunge superbillige DVD-ar, blant anna Sex and the City - the Movie. Og den har eg sett i kveld. Eg får berre lyst til å springe ut i byen og shoppe vilt og ukontroller, kaste alle kleda mine og springe avstad på eit treningssenter jo før jo heller for å ta av ti kilo, eller femten. Litt usikker på om det ville blitt pent?? Men det må nok til! Men istaden sit ein på kafe på asfaltløkka og drikke kaffe og stapper i seg is i den steikande sola til ein blir svidd og rød, trekker rundt på tunge sekkar og må drive å slite og jobbe og skrive. Kvar er fashion week? Kvar er fashion weeeeeek, og no snakkar eg ikkje om fashion week i Oslo, Oslo er ein liten søledam, eg snakker fashion week i New York. No må det bli slutt på å kjøpe den aller aller største isen som går an å få tak i, som er typisk meg, eller drikke så mange kopper kaffe som ein overhodet kan klare å få ned, som også er typisk meg, gjerne med sukkerbiter i, eller feste natta lang til neste d...