Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra oktober 27, 2008

Sure Sørum i Sogn Avis

Dette blogginnlegget er redigert etter innspel om at eg må vere litt mindre tøff i kjeften mot urutinerte/ dårlige skribenter. Eg tar innspela til etterretning, men held fast på at eg meiner nivået på denne kommentaren i Sogn Avis (som eg kommenterer her i denne bloggposten) var for lågt til å vere i ei avis. Den stod lørdag 25.oktober i spalten Innhogg. Min kommentar her på bloggen begynte slik: Eg veit ikkje kven Janne Sørum er, men eg veit at Sørum feilsiterer meg i Sogn Avis, og dersom dette er meint å vere ein kommentar, skulle den kanskje ha vore redigert? Dette er da vitterlig kun oppramsande og lite nytenkande, med tidenes dauaste konklusjon: "Det er lett å kritisere men vanskeligare å faktisk få til ei endring" (paddeflatt - kva med litt tekstteknikk?) at eg tenker eg let det ligge. ----Denne starten i denne bloggen er muligens for røff, for tøff å få i trynet for ein som skriver kommentar i lørdagsavisa? Det kan ein kanskje sei, eg er usikker. Men når ein, sorry meg