Gå til hovedinnhold

Sure Sørum i Sogn Avis

Dette blogginnlegget er redigert etter innspel om at eg må vere litt mindre tøff i kjeften mot urutinerte/ dårlige skribenter. Eg tar innspela til etterretning, men held fast på at eg meiner nivået på denne kommentaren i Sogn Avis (som eg kommenterer her i denne bloggposten) var for lågt til å vere i ei avis. Den stod lørdag 25.oktober i spalten Innhogg.

Min kommentar her på bloggen begynte slik:

Eg veit ikkje kven Janne Sørum er, men eg veit at Sørum feilsiterer meg i Sogn Avis, og dersom dette er meint å vere ein kommentar, skulle den kanskje ha vore redigert? Dette er da vitterlig kun oppramsande og lite nytenkande, med tidenes dauaste konklusjon: "Det er lett å kritisere men vanskeligare å faktisk få til ei endring" (paddeflatt - kva med litt tekstteknikk?) at eg tenker eg let det ligge.

----Denne starten i denne bloggen er muligens for røff, for tøff å få i trynet for ein som skriver kommentar i lørdagsavisa? Det kan ein kanskje sei, eg er usikker. Men når ein, sorry meg, skriver skikkelig dårlig, skal vi ikkje kunne kommentere det - ikkje ein gong på ein blogg? Er det sensur eller? Eg kommenterar jo innhaldet, ikkje personen. Personen veit eg ingenting om. Janne Sørum er eit navn som seier meg ingenting, men nivået på innlegget seier ein del. ------

-- Herifrå er blogginnlegget sensurert med unntak frå dette:

Eg let kommentarens oppramsande innhald ligge og ser her på kvalitetskriterier.

Vi leiker ikkje butikk i media, men enkelte medier, med sitt ambisjonsnivå på kommentor (og kultur og nyhetsfronten for den del), ser ut til å faktisk leike butikk. Eg trur det er sant at det er langt mellom dei gode skribentane, ... (resten er sensurert av hensyn til lesarane).

(Her har eg sensurert ein heil del til av hensyn til det faktum eg vart minne om, at debattnivået må eg også sjølv klare å bidra til å halde oppe på eit visst nivå, men min siste setning vil eg gjerne ha med, og den kjem her): Eg ser ikkje at Sogn Avis er tjent med å trykke "handverk" som er på nivå med kommentaren til Sørum.

Er innlegget i denne bloggposten fortsatt for drøyt eller? Gi meg eit ord. Eg lyttar.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre ...

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Med døden på jobb. Farlege dyresjukdommar, dramatiske følger.

  I følge FN er 75 prosent av patogenene (virus, bakterier, sopp) som har dukka opp siste tiåret, zoonosar, altså sjukdomar som smittar mellom dyr og menneske. Eg havna som veterinær høsten 2011 oppi det størte miltbrannsutbrotet i Sverige etter andre verdskrig. Miltbrann, eller Anthrax, er ein zoonose, det vil sei ein sjukdom som smittar frå dyr til menneske. Eg trakk på meg verneutstyr og masker, og gjekk inn mellom stinkande kadaver for å leite etter ukoagulert blod og mangel på likstivheit, to av kjenneteikna ved miltbrannsdaude dyr. Aguer og tarm er hakka ut av ravnar, det renn blod. I blodet kan det finnast dødelege sporar. Eg kan sjølv bli sjuk. Det er uhyggelig og kan faktisk vere livsfarleg.  Les om miltbrann i Norge. Under ein sermoni i Roma erklærte FN Rinderpest, eller kvegpest, som offisielt utrydda.   Kvegpest spreidde seg med kveg som vart frakta med militæret og via handel med levande dyr. Den industrielle revolusjonen med oppfinninga a...