Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra mai 11, 2008
Svært interessant artikkel av journalistførebilete Jon Hustad i Dag og Tid om dei militante dyrevernsaktivistane. Dei kan kome hit å sjå på frittgåande høner og min Monty Roberts-trente hest. Tipper dei trur hestar har fem bein. Det virker litt som om dei ikkje heilt har greie på dyr, men mest av alt utøver aggresjon. Eg ville vel ha blitt skoten fordi hesten min kun har fire bein. Debattregi. Denne kommentaren av Hilde Sandvik i BT er svært god. Ho har gode poeng når ho skriv: "Vi må redigere debatten meir, ikkje mindre. Dei siste åra har Bergens Tidende satsa meir på debatt- og kronikksidene fordi avishuset ser den opne og informerte debatten som noko av det viktigaste huset kan halde på med." Denne er også svært god. Om det antiheroiske med anonym sjikane. No er ikkje eg personleg utsett for dette, men det er jo mange anonyme debattantar i nettdebatter, feks i kommentarfelta under NRK-saken om nynorsken. Eg les det ikkje. Greit nok, folk må få lov å uttale seg, sjølv om ...

Misbruk av feminisme

Høyr denne 8.mars-debatten mellom Randi Førsund og Anne Mette Hjelle. Dette er den mest bråkete debatten eg har hørt på lenge. Dei påberopar seg begge å vere feministar, men ingen av dei er det slik eg ser det. Slike som påberopar seg å vere feminstar men ikkje er det, samtidig som dei jamrar seg og flaggar ordet for å liksom fronte ei "feministisk sak" som til sjuande og sist handlar om alt anna enn feminisme, ødelegg for ordet og for kvinnekampen. Å vere feminist handlar om aksept for at vi er ulike, det handlar om aksept for at nokon vil drive liten butikk og andre vil lage stor film. Det handlar om aksept for at den enkelte har sine ønsker og muligheter. MEN det handlar også om systemkritikk, og då går det ikkje an å sei at den enkelte er fullt og heilt ansvarleg for si eiga lukke og sin eigen framgang slik som Helle presterer å sei samtidig som ho kallar seg feminist. Dette Hjelle seier, er beint fram Frp-retorikk og Frp har ingenting med feminisme å gjere. Greit nok, e...