Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra mars 12, 2010

XXX

Lei av samtidsforfattarar som held på å stryke med der dei sit og gneg på sine eigne knokar i desperasjon over stoffmangel? Treng du lesestoff, har du behov for noko å fyre i omnen med? Har du lyst til å lese tekstar som på førehand er omtalt slik: "i love it! fuck the world & superlol @ the establishment, i'll twitter your ass and your facebookmsnweb2.0-cousins and siblings, this is the new loud, jeg mener det!" Du treng ikkje vente lenge. Min boksingle på Flamme forlag kjem ut i april. .

Distriktssenteret har dokumentert at vi treng breiband på bygda

Spørsmål: blir det neste prosjektet deira å dokumentere at folk treng oksygen på bygda? Er dei sprø? Eventuelt: slit Distriktssenteret med kompetansemangel som eit resultat av at folk ikkje vil flytte ut av byen? Det kan sjå ut når det er slike rapportar som dette dei presterer å legge fram. Kreativiteten er iallefall på bånn. Dette understrekar behovet for at høgt utdanna flyttar ut av byen. Distriktssenteret skrik etter kompetanse!! Rapporten kan du lese her. Ein kan stille spørsmål ved om den blei bestilt fordi Distrikssenteret seint på året i 2009 fann ut at dei hadde att litt pengar dei måtte bruke opp. Dette er inga ukjent problemstilling, men det er sjeldan like tydelig som i denne saka. .