No er det over to månader sidan barneboka kom ut, og det eg synest er ekstra gøy, er tilbakemeldingane frå lesarar i bokmålsområder.   Idag fekk eg ein epost frå ein bestefar som fortel at barnebarnet, som er bokmålselev og ingen lesehest, har lese boka i ein fei, blitt kjempebegeistra, skrive om den i sidemål og fått 5! Det er kjempemoro.   Andre tilbakemeldingar går på at nynorsken i Elise og mysteriet med dei døde hestane er veldig enkel. For å dra eit direkte sitat: "Men nynorsk er jo ikkje det minste vanskelig!!" Sitat, bokmålsbarn.   Så nynorsk er ikkje det minste vanskeleg, om ein får ei bok ein liker på eit lett språk. For språket i Elise-boka er eit enkelt språk, uten vanskelege ord og vendingar, ribba for det ein måtte tenke på som arkaiske vendingar. Det er plain, enkel, rett fram nynorsk slik eg liker å ha den sjølv.   Så kom igjen, bokmålsfolk og lærarar som underviser i sidemål. Elise og mysteriet med dei døde hestane er lett å lese, sjølv om den er på nynorsk!...