Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra februar 12, 2008

Ghost in the machine

Åpning på Kunstnernes hus 8.februar.

Lokalavisstoff, miljøkatt et agurk.

Foto: Arne Stubhaug, Firda (bildet er henta her. I dag les eg som vanlig regionalavisa Firda frå Sunnfjord sidan eg er sunnfjording. Saka eg bit meg merke i på Firdas sider i dag er denne: Katten Raptus et berre frukt og grønt. Her er ein tilhøyrande biletserie av katten . Denne kattesaka er via tre sider inni papiravisa under tema Energi og Miljø. Eg lurer virkelig på kva ein agurketande katt har å gjere under tema Energi og Miljø. Bør miljøvennlige kattar ete agurkar? Overskrifta på saka var til alt overmål: Miljøkatten . Eg må innrømme eg trakk ganske godt på smilebandet. Miljøkatt?? I saka står det mellom anna (eg siterer direkte): "Gløymer Astrid å servere den miljøbevisste kattemannen grøntfôret, så tek han saka i eigne potar, hoppar på bordet og hentar maten sjølv. Det er ikkje få gonger dei har funne tomatar med merke etter tennene hans." Kva er dette slags sak? Er det a) ein slags miljøspøk? b) lett feature med ironisk miljøvri? c) misforstått og latterliggjera