Gå til hovedinnhold

Lokalavisstoff, miljøkatt et agurk.

Foto: Arne Stubhaug, Firda (bildet er henta her.

I dag les eg som vanlig regionalavisa Firda frå Sunnfjord sidan eg er sunnfjording. Saka eg bit meg merke i på Firdas sider i dag er denne: Katten Raptus et berre frukt og grønt. Her er ein tilhøyrande biletserie av katten.

Denne kattesaka er via tre sider inni papiravisa under tema Energi og Miljø. Eg lurer virkelig på kva ein agurketande katt har å gjere under tema Energi og Miljø. Bør miljøvennlige kattar ete agurkar? Overskrifta på saka var til alt overmål: Miljøkatten. Eg må innrømme eg trakk ganske godt på smilebandet. Miljøkatt??

I saka står det mellom anna (eg siterer direkte): "Gløymer Astrid å servere den miljøbevisste kattemannen grøntfôret, så tek han saka i eigne potar, hoppar på bordet og hentar maten sjølv. Det er ikkje få gonger dei har funne tomatar med merke etter tennene hans."

Kva er dette slags sak? Er det a) ein slags miljøspøk? b) lett feature med ironisk miljøvri? c) misforstått og latterliggjerande miljøjournalistikk?? Tja. Eg vel å sjå på det som ein vittig feature, men må ærlig talt sei at å blande miljøperspektivet inn i ein katt som heilt klart under- og feilernærer seg sjølv på grønsaker av årsaker eg ikkje kan tenke meg til, er litt snodig. Eg vil slå eit slag for å heller lage ei artig sak om vegetarkatta som går på plommeslang. Miljøsaker har vi nok av. Vegetarkatter er ein kuriositet.


Den neste saka eg les er at Kong Harald kjem ikkje til å vere i Stryn under NM i skiskyting. Er dette ei nyhendesak? Det er ei konstantering av fakta. Kongen takkar vel nei til mange titals invitasjonar om dagen. Ergo er dette ei nyheit? Nyheiter er jo det som overraskar, og som omhandlar det nye, eller det uventa. At kongen ikkje kjem til Stryn, er verken uventa eller spesielt nytt. Det er utelatande ei konstatering.

Populære innlegg fra denne bloggen

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Med døden på jobb. Farlege dyresjukdommar, dramatiske følger.

  I følge FN er 75 prosent av patogenene (virus, bakterier, sopp) som har dukka opp siste tiåret, zoonosar, altså sjukdomar som smittar mellom dyr og menneske. Eg havna som veterinær høsten 2011 oppi det størte miltbrannsutbrotet i Sverige etter andre verdskrig. Miltbrann, eller Anthrax, er ein zoonose, det vil sei ein sjukdom som smittar frå dyr til menneske. Eg trakk på meg verneutstyr og masker, og gjekk inn mellom stinkande kadaver for å leite etter ukoagulert blod og mangel på likstivheit, to av kjenneteikna ved miltbrannsdaude dyr. Aguer og tarm er hakka ut av ravnar, det renn blod. I blodet kan det finnast dødelege sporar. Eg kan sjølv bli sjuk. Det er uhyggelig og kan faktisk vere livsfarleg.  Les om miltbrann i Norge. Under ein sermoni i Roma erklærte FN Rinderpest, eller kvegpest, som offisielt utrydda.   Kvegpest spreidde seg med kveg som vart frakta med militæret og via handel med levande dyr. Den industrielle revolusjonen med oppfinninga a...

Bløff om burhøns

Du har kanskje lese det i media: bur for verpehøns er no forbode i Norge. Den glade nyheten spreidde seg som eld i tørt gras etter nyttår. Der er berre eit problem: burhøns er ikkje forbode i Norge. Det har berre kome ein ny type bur. Verpehøns står ikkje lenger i såkalt tradisjonelle bur, men i miljøinnreia bur. ”Egg fra burhøns” lyder advarselen på eggkartongene på Rema 1000. Upresis markedsføring, mener Fjørfelaget» (Animliasnettsider). Denne artikkelen stod på trykk som gjestespalte i Nationen 14.juni 2012. Den stolte hane bløffar også om bur. Fjørfelaget er sinte fordi Rema 1000 merker egg frå burhøns, med «egg frå burhøns», men sjekkar vi ut videoane Animalia har lagt ut av dei nye såkalte miljøinnredningane for verpehøns, skal ein ha rimeleg dårleg syn for å kunne påstå at dei nye bura ikkje er bur. Til og med kvinna som viser fram bura, omtaler bura som bur. Dette må vere ein taleglipp frå Nortura si side, då det er samvirket sjølv som står bak videoen. Nortura ...