Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra juli 18, 2012

Norske kyr skal ut på beite! Ja/ nei, ja/ nei. Norge har så vanskelig natur at vi passer ikkje for matproduksjon?! Ja/ nei osv

Tine køyrde i 2010 romantiske reklamefilmar på tv der dei påstod at alle norske kyr går på beite i åtte veker. Dette er rein bløff då Tines eigne tal viser at tretti prosent av alle kyr i lausdrift aldri er utanfor fjøsets fire veggar. Likevel heldt Tine på sitt. I skrivande stund (medio juli 2012) er eit nytt tema på dagsorden. Frå og med 2013 er det nemleg eit krav at alle norske kyr, inkludert lausdriftskyr og ikkje berre båskyr slik kravet er i dag, skal få kome ut og lufte seg sommarstid. Protestane let, som forventa, ikkje vente på seg og det er bøndene sjølv som protesterer høgast. Bonden XXX frå partiet Krf protesterer særleg høgt då han vel argumenterer i tråd med at mennesket er sett til herre og gud over kloden og ergo kan legge opp drifta slik det passer ein sjølv og lommeboka. Galskap er det å sleppe kyr ut, seier han. Ja, tenke seg til, dyr ute i naturen. Vi kunne jo risikere at dei fekk betre helse. Dessutan er kjøt frå beitedyr sunnare for oss. På den andre sida har