Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra mai 5, 2012

Debatten om ubedøva slakt angår Norge.

I Morgonbladet 23.mars svarer Runar Døving svarer på mitt leserbrev « Halal – gamal metode i ny kontekst ». Døving skriv at han forventar seg at Viken og hennar stand bidrar til å opplyse om de faktiske forhold i slakt (altså at halal foregår med bedøving i Norge), og ein kan lure på om Døving las mitt lesarbrev særleg godt då eg der nettopp nøye poengterte korleis hala foregår i Norge: med bedøving, akkurat som anna slakt. I tillegg tek eg opp problematikken knytt til ubedøva slakt med fokus på EU. Døving er også kritisk til at eg gjer halal utan bedøving relevant for Norge, og meiner at norsk offentligheit er feil adresse for debatt om ubedøva slakt. Dette er ein i beste fall rar slutning då Norge er del av eit internasjonalt marked, også for mat. Kjøt som er slakta utan bedøving i EU vert importert både til Norge og Sverige, land som ikkje tillet slakt utan bedøving. Debatten om ubedøva slakt angår den norske forbrukar. Også EU ønsker at dyr skal bedøvast før avliving. European