3. jul. 2012

Kva er det artigaste oppdraget å få som dyrlege i felten?


TJA. Eg liker å utrede hestar. Kolikk er ein ganske interessant diagnose der du får gjort ei heil bråte med medisin. Andre interessante kasus er hestar med mystiske symptom på eit eller anna underleg der ein må vri hjernen litt for å finne ut kva det kan vere for noko. For eksempel feber som svingar, stive bein og andre underlige saker som ikkje alltid er heilt lett å direkte påpeike årsaka til. Blant anna hadde eg ein gong ein hest som på dag ein fekk kolikk, på dag to vart blind i eit døgn, og på dag tre fekk synet tilbake. Vanskelige tilfeller, men svært interessant. Om enn sjølvsagt svært kjedelege for eigaren.

Men diagnosen frå helvete er utan tvil livmorframfall på ku. Alle som har sett korleis det ser ut når livmora ramlar ut på ei ku, veit at dette er eit lite lekkert syn. Den er ei bråte med kilo tung. Har den lagt ute av kua lenge, kan den vere tørr. Den kan ha blitt porøs, den kan sprekke og gå hol i når du tar i den. Er du riktig heldig ligg livmora i ein dam med vatn og kua er nedkjølt. Nokre gonger har kua i tillegg til livmorframfall også melkefeber, eller "kalkmangel". Då greier den ikkje reise seg, og kan etterkvart gå i koma og dø om den ikkje får kalk i blodet.

Av og til er livmora alt hol i når du kjem fram til garden. Då er det ikkje mykje å gjere med mindre holet sit på ein slik stad at livmoramputasjon er eit reelt alternativ. Ut av slike hol kan det også etterkvart ramle tarmar. Dessutan må du passe på at urinblæra ikkje kjem med når du amputerer livmora. Det er litt dumt å utføre ein kombinert livmor- og urinblæreamputasjon. Utan urinblære blir ein kjapt litt redusert.

Diagnose nummer to frå helvete, er å ta blodprøvar på mengder av purker på same dag. Det er ikkje ein diagnose, meir eit oppdrag, men det er ei fæl oppleving. Det er steikande varmt i grisefjøsar, støvete, trangt og eit skrekkeleg lydnivå når titals purker skrik og hyler fordi dei har på seg reim rundt nasen og blir haldne fast medan ein stikk dei i halsen i eit forsøk på å dra ut blod til blodprøvar. Du blir så sveitt, så døv, så nedstøva og får eit detaljert innblikk i grisens kjeft. Grisar har kjeftar som låvedører smekk fulle av tenner som du ikkje i din villaste fantasi ville ha klappa rundt ein fot eller arm. Det er reine krokodillegapa, og med ein gong ein slepp nasebandet av grisen etter at blodprøven er teken, så smeller dette digre grisehovudet til sida med gapet fullt av tenner. Då gjeld det å stå ein annan stad.

Eg har ingenting imot griser, men å ta blodprøver av tett samanstua grisepurker i slike varme og støvete fjøsar, er ikkje spesielt kult. Årsaka til at eg har fått denne erfaringar, er at nokre av mine kollegaer skydde oppgava som pesten. Den ramla då på meg. Og ja, det var pur lidelse, rett og slett.

Andre vanvittige diagnoser som kan nevnast er livmoromdreining på ku som kan vere noko kjedeleg å kome utfor klokka tre natt til søndag, typisk på ein gard som ligg mange mil inne i svartaste skogen.

Men dette var dei kjipe diagnosene. Dei fleste andre er langt kjekkare og greiare, difor er det gøy med jobb.