Dette er relevant for Sogn og Fjordane. (artikkelen er før trykt som Arena-artikkel, fast lørdagsspalte i avisa Firda i november 2008) Debatt som samfunnsutvikling I mi siste Arena-spalte tenkte eg snakke litt om korleis og kvifor skape debatt, samt korleis skrive bra, fullstendig klar over at eg ruslar inn i atter eit minefelt uten fasitsvar. Meg sjølv: Eg brukar det skriflige mediet for å fremme saker på same måte som politikarar brukar politiske parti, og årsaka til at eg skriv, er ei urokkeleg tru på debatt som redskap for samfunnsutvikling og kompetanseheving. Generelt: Skal du skape debatt, treng du a) å ha eit sterkt engasjement og ei klar hensik, og b) ein penn som klarer å trigge temperaturen. Den gode pennen og debatten er med andre ord redskapar på vegen mot målet som er endring eller påvirkning av samfunnet på eit eller anna nivå. Skribentar og redaktører som ønsker å sprenge debattmuren, treng både ein spissformulert bodskap og ein god penn. I tillegg er det...