Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra mars 5, 2013

Vår tids lokalmat er trailergrill: vakker natur - trashprodukt

Hamburger Trail I det vakre Jølsterlandskapet går det kyr og sauer denne haustdagen. Likevel er det så og sei umogeleg å få tak i skikkeleg mat langs vegane. Bakterieangst stoppar lokalmatprodusentar, og lokale matrettar er ikkje produsert på lokale ressursar. Vår tids lokalmat er trailergrill. Teksten vart publisert i tidsskriftet PROSA , nummer 6 2012. Ser ikkje ut som burger, men det er det dei blir til. «Ikkje nok med fagre ord, vi treng mat på våre bord», står det på ein låvevegg. I dette lys av fast food-maten som vert servert langs vegane i fjordlandskapet framstår slagordet på låveveggen som ein parodi. Der kunne like godt stått «Naturen er vakker og vill. Til Statoil skaffer den monstergrill». Eg er på veg frå Førde til Vassenden langs E39, og blir ståande og vente medan ein bonde forsøker   jage ein flokk uvillege kviger over vegen. For ein vulgær kontrast, tenker eg når eg køyrer vidare, forbi kvigene som har rømt tilbake til skogen dit dei kom frå. Ka