Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra mars 18, 2011

Innlegg om mat på Bonde- og småbrukarlaget sitt 8.mars -møte 2011

 Foredrag frå 8.mars-møtet til Norges Bonde og småbrukarlag i Oslo: Det finst ein ganske talande tittel på norsk landbrukspolitikk idag. Den lyder: Frå Beite til bur. Medan ein i regjeringsplattformen Soria Moria skriv at ein ønsker å auke bruken av beite i Norge, er dette langt frå kva som er praksis. Sanninga er at norsk landbruksproduksjon i stadig større grad vert flytta frå beite til bur. Produksjonen blir flytta frå gras og lokale forressursar til importert kraftfor. Produksjonen er flytta frå dyr som blir slept på beite til dyr som lever heile livet i bur eller i oppvarma innandørs hallar utan tilgang til dagslys. Eg snakkar om kylling, kalkun, verpehøns og gris. Desse dyreslaga, som lever på kraftfor og vatn, vert det produsert stadig meir av i Norge. I 2007 produserte vi i overkant av 56 millionar broilerkyllingar i Norge. I 2009 produserte vi i følge tal frå Statens landbruksforvaltning i underkant av seksti millionar. Produksjonen er aukande. Produksjonen av kal

Den nye pelsdyrforskrifta bygger på prinsippet "see no evil"

Eg har gått gjennom forskrifta. Den ligg her og brukar aldri ordet "atferd". Kanskje fordi det er umulig å ivareta pelsdyrs atferd under forholda forskrifta skisserer. Les den her. Det einaste ein har lagt vekt på er observasjon av unormal atferd i paragraf 16: "Syke og skadde dyr og dyr som viser unormal atferd, skal også ha hyppigere tilsyn."   Men der finst vel knapt anna enn unormal atferd i pelsdyrhald. Her står ingenting om at ein skal ivareta dyras naturlege atferd, berre eteatferd i paragraf 17: "Det skal tas hensyn til pelsdyrenes artstypiske eteatferd." Og sidan eg tilfeldigvis har jobba på pelsdyrfarm, veit eg korleis dette blir gjort. Naturleg eteatferd i pelsdyrfarmar, er å fore dyra på nettingetebrett eller oppå buret. Naturleg, anyone?   Blant anna blir det påpeikt at det er ulovleg å stille ut levande pelsdyr, på same tid som at pelsnæringa seier at pelsdyr er like tamme og sosialiserte som andre husdyr. Men kvifor får ein då ikkje stil