Gå til hovedinnhold

Innlegg om mat på Bonde- og småbrukarlaget sitt 8.mars -møte 2011

 Foredrag frå 8.mars-møtet til Norges Bonde og småbrukarlag i Oslo:
Det finst ein ganske talande tittel på norsk landbrukspolitikk idag. Den lyder:


Frå Beite til bur.


Medan ein i regjeringsplattformen Soria Moria skriv at ein ønsker å auke bruken av beite i Norge, er dette langt frå kva som er praksis. Sanninga er at norsk landbruksproduksjon i stadig større grad vert flytta frå beite til bur. Produksjonen blir flytta frå gras og lokale forressursar til importert kraftfor. Produksjonen er flytta frå dyr som blir slept på beite til dyr som lever heile livet i bur eller i oppvarma innandørs hallar utan tilgang til dagslys. Eg snakkar om kylling, kalkun, verpehøns og gris. Desse dyreslaga, som lever på kraftfor og vatn, vert det produsert stadig meir av i Norge.


I 2007 produserte vi i overkant av 56 millionar broilerkyllingar i Norge. I 2009 produserte vi i følge tal frå Statens landbruksforvaltning i underkant av seksti millionar. Produksjonen er aukande.


Produksjonen av kalkun aukar også. I 2007 var antal klekte kalkunar 1 093 791. I 2009 hadde talet stige til 1 388 003, i følge Norsk Fjørfelag.


Både kylling og kalkun er dyr som lever på kraftfor.


Ein stadig større andel av fôret som blir gitt til norske matproduserande husdyr, er produsert på industrielt landbruksareal i utlandet ved bruk av utanlandsk arbeidskraft. Dette utgjer 700 000 tonn importert fôr i året, tilsvarande 2,5 millionar dekar mark som vi beslaglegg utanfor Noregs grenser. Mykje av arbeidskrafta som produserer kraftfor på desse arela er underbetalt. Produksjonen er driven av, og prisane haldne nede, ved bruk av sosial dumping.


Ved å underbetale billeg arbeidskraft i utlandet kan ein også skvise norske bønder stadig lenger nedover i lønnsspiralen. På same tid står norske, reine utmarksbeiter tomme. Vi importerer lammekjøt frå New Zealand, eit land berykta for hasardiøst dyrehald på sauefronten. Dette vert av Senterpartiet og Bondelaget framhalde som ein suksess.


Det handlar om økonomi og utviklinga er, underleg nok, velsigna av Bondelaget og Senterpartiet som stikk norske bønder i ryggen for etterpå å få skryt for det.


Kvar har det blitt av begrepet norsk mat? At norsk kjøt er basert på gras og reine ressursar er ikkje lenger sant.


Arbeiderpartiet ønsker å fortsette landbrukspolitikken i same spor og Helga Pedersen ønsker ikkje å auke norsk matproduksjon. Pedersen meiner det er godt nok å halde produksjonen på dagens nivå. Eg kan vere einig med Pedersen i at det ikkje er hensiktsmessig å auke den norske produksjonen av kjøt dersom denne skal vere produksjon basert på næringane kalkun, kylling, gris og høner, dyr som har importerte stammødre og som lever på kraftfor frå Brasil. Då kan vi like godt importere kjøtet også.


For midt oppe i alt pratet om matsikkerheit for Norge. Kva då med kraftforsikkerheit? Den dagen vi ikkje lenger får lov til å importere alt kraftforet vi treng for å fø opp desse burdyra, vil produksjonen kollapse. Det held ikkje at dyra befinn seg i Norge når maten deira må fraktast frå Brasil. Når ein tek høgde for kor mykje kraftfor Norge importerer, er vi nede i ein sjølvforsyningsgrad langt under femti prosent.


Og ikkje nok med det. Å satse på produksjon av kvitt kjøt, altså kylling og kalkun, medfører at ein satsar stort på dyr som slit med store velferdsmessige lidingar. Ein er på veg bort frå velferd for dyr all den tid ein stadig høgare andel av norske landbruksdyr slit med avlsbetinga og produksjonsbetinga lidingar. Særleg gjeld dette for kalkun, kylling, verpehøner og gris.


Ein har avla fram broilerkyllingar som berre kan få lov til å ete førti prosent av det dei hadde sett til livs om dei fekk fri tilgang til mat. Om dei fekk fri tilgang ville dei ha ete seg ihjel. Grunna matrestriksjonane går broilerkyllingane konstant svoltne frå klekking til slakting. Svoltkjensla fører til at velferden til desse kyllingane vert sterkt redusert. Kalkunar slit med ødelagde og degenererte hofteledd som gjer at dei bevegar seg langt mindre enn kva som er normalt.


Kvar har det blitt av norsk mat? Norske utmarksbeiter? Dei er bytt ut med kylling som lir av kronisk svolt og kalkunar som knapt kan gå. Eg håper ikkje at dette er ei utvikling Frp tenker støtte.


På same tid blir krava til hald av husdyr stadig tøffare. Vi har per dags dato ikkje krav til beitegang for kyr som lever i lausdriftsfjøs, men i 2013 vil dette vere på plass og det vil bli krav om åtte vekers utegang for alle kyr. Enda tøffare krav er på trappene og det kan bli soneinndelte krav om både tolv og seksten vekers utegang for melkekyr. Dette er bra. Norge ligg langt bak land som er naturleg å samanlikne oss med. Eksempelvis Sverige der ein, avhengig av region, har krav til to, tre eller fire månaders utegang for melkekyr.


Tøffare krav til hald av husdyr vil i andre omgang gjere det vanskeleg å drive i store einingar. Korleis tenker ein seg at ein bonde med fem hundre kyr skal få alle kyrne ut og inn kvar kveld og kvar morgon til melking? Tøffare krav kombinert med stadig større bruk vil bli ei utfordring. Dette kan bli eit problem når Frp ønsker fri konkurranseutsetting.


På same tid set forbrukarane stadig større krav. Idag har vi massiv motstand mot pelsdyrnæringa.




Arbeiderpartiets stortingsrepresentant Terje Lien Aasland skriv i ein kronikk i Nationen 25.januar at dei ønsker å styrke rekrutteringa til landbruket, men ingenting om korleis dei skal gjere det.


Her er ei rekke problemstillingar å ta tak i.


Punkt ein: gjenreis fulltidsbonden. Deltidsbonden er ikkje ideelt verken med tanke på kvalitet eller at næringa skal framstå og vere ei profesjonell næring der folk kan ha sitt arbeid og virke og hente si inntekt. Kor mange andre yrkesgrupper er det som vert forventa å arbeide som deltid med ein full jobb på si?


Ein må gjenreise bondeyrket som eit fulltidsyrke med den sjølvrespekten det medfører. Dette vil i sin tur gjere yrket meir attraktivt for unge mennesker.




«FrP mener det eksisterende sosialistiske jordbruksavtalesystemet, hvor produsentene styres av utdaterte tilskudds- og reguleringsordninger, skal erstattes av et markedsbasert konkurransesystem.»




Eg er ganske sikker i mi sak når eg seier at om det blir fri konkurranseutsetting av norsk landbruk, der vi i tillegg får konkurranse frå utlandet, så vil det ikkje bli att særleg mykje landbruk i Norge. Det kjem også an på kva slags landbruk det er FrP ønsker seg. Om dei ønsker seg eit landbruk der maks produksjon utan hensyn til etikk og miljø skal vere målet eller om dei ønsker seg eit landbruk som er i tråd med dei stadig hardare krava som kjem til å kome frå fagmyndigheter og forbrukarar. Det er usikkert om eit landbruk i fri konkurranse vil ha råd til å tilpasse seg dei tøffe krava til hald av husdyr som vil og bør kome.


Eg har hatt praksis som veterinær i USA. Etikk er eit ord som ikkje finst. Her er det industri og det er svært brutalt.


For åtte år sidan gjorde eg ei meir eller mindre vellukka dannelsesreise til ein melkefarm i USA.


Der er det tre stikkord som gjeld: BIGGER; CHEAPER, FASTER!


Og fordi dei færraste her heime ser ut til å ha vore ute, skal eg fortelle dykk nokre historier om korleis kjøt blir produsert. Dette er normen. Etikk drit vi i. Forestill dykk vassen kumøkk, diare som sprutar over alt, alle kyrne har fått halen fjerna med gummistrikk-metoden (kutt blodtilførsel, halen fell av) og at mange har store problem med å bevege seg normalt.


Farmen, som har 2 500 melkekyr, er tilknytt eit universitet som utdannar veterinærar.


Tre gongar kvar dag vaggar dei 2 500 kyrne på rekke og rad fram til melkegrava der dei vert melka. Når kyrne nærmar seg melkegrava, går eit straumførande grind ned bak dei. Kvar gong ein ny pulje skal inn i grava, høyrer ein lyden tut-tut, alle kyrne trykker seg framover medan gjerdet bevegar seg framover og gir dei elektriske støt i halane.


Kvar tiande dag blir alle kyrne sprøyta med melkehormon. Det er mi oppgåve å stikke kyrne. Eg stikk tusenvis av kyr på bogen, ved halen, på halsen. Kyrne her kan melke fleire år i strekk. Dette er ikkje normalt. Dei må inseminiserast rundt ti gonger før dei blir drektige. Årsaka til den elendige fruktbarheita er høgt stress og eit enormt produksjonspress.


Produksjonen per ku er her omtrent det doble av i Norge. Antal celler i melka så høgt at den her i Norge ville ha blitt nedklassa eller ein hadde fått forbod mot å levere den til meieriet. Fleire av kyrne har kroniske infeksjonssjudomar. Johne’s disease, eller paratuberkulose, sprer seg frå mor til kalv. Når kyrne er nokre få år gamle, slår den ut. Dyra visnar gradvis vekk og dør. Dei går som skuggar i fjøsen. Ein held dei i live til dei ikkje lenger kan brukast til noko.


Mitt liv som ku hadde neppe vorte langt. Eg hadde lagt meg ned i driten og daua. Fleire kyr gjer nett dette. Fleire ligg strekk ut på betongen og greier ikkje reise seg. Ei ku er berre ei ku. Den har ingen verdi. Ein dag køyrer dei ho ut med gaffeltrøkk og dumpar ho inn i ein lastebil. Ho rullar kast i kast innover i bilen. Så forsvinn ho til Mac Donalds.


Er det slik vi vil ha det her i Norge?


Virkeligheten der ute er langt, langt verre enn vi er i stand til å forestille oss, her vi sit skjerma bak våre rosemalte fjøsdører og gradvis undergrev vår eigen matproduksjon. Virkeligheten kallar der ute, men sittande regjerings landbrukspolitikk med den logrande dvergpuddelen Bondelaget på slep, er ei oppvisning i mangelfull forståing for den globale utviklinga vi befinn oss i der eit stadig meir konkurranseprega, effektivisert og markedsorientert landbruk bevegar seg mot ei bestialisering vi aldri før har sett makan til. Ønsker dei å legge norsk landbruk brakk til fordel for denne forma for uetisk og brutal matproduksjon som på sikt vil true både human og animal helse?


I USA er mine amerikanske venner i ferd med å bli multinasjonale. Eg er ikkje naiv. Dette toget kan vi neppe stoppe, men vi kan, ved å oppretthalde eigen matproduksjon, unngå å måtte importere mat produsert under slike forhold. Men det krev politisk vilje og vågemot, samt eit langt høgare kunnskapsnivå enn vår rødgrøne regjering ser ut til å inneha. Om vi ser til Sverige, der eg sjölv köyrer stordyrpraksis, rasar antal melkebruk nedover og bruka vert stadig större. Men Sverige har klart å bevare etikken på same tid som bruka blir større. Det er altså mulig å drive storskala forsvarleg landbruk. Å vise til Sverige for å forklare oss kor gale det kan bli i Norge, er feil. I sverige blir bruk nedlagt, men det er ein svært høg standard på svensk landbruk. Høgare enn på norsk, vil eg våge å påstå.


Eg har kjørt praksis som veterinær i Sverige med melkekyr.


Men medan storskala landbruk i USA var synonymt med dyremishandling, er krava til hald av storfe i Sverige tøffare enn i Norge på same tid som besetningane er langt større. Medan mine kollegaer i Norge fortel meg om bønder som har mista motet og låvar som ramla ned, om gule post it- lappar med nummer på kyrne som skal inseminerast, vart eg i sverige møtt av fulltidsbønder. Større gardar ja, men fulltidsbønder. Stor skala er ikkje synonymt med dårleg etikk og dårleg husdyrhald. Folk i Norge liker å snakke om tid per dyr, men det kyrne vil ha, er ro og fred.


Kva hjelper det med ti kyr og ein time per ku per dag dersom bonden skriker til dyra sine? Dette bør vi snakke om.


Ein må legge større fokus på godt hald og stell av dyr, dyktig bonde, enn på skala. Skala er eit misbrukt begrep når det kjem til dyrevelferd. Ein må få større fokus på bondens kompetanse og mindre på skala.


Deltid er i Sverige eit skjellsord. Det bør det bli i Norge også. Ein må gjenreise fulltidsbonden sjølv om det vil bli i ein anna skala enn før.




Jo større bonden er, jo meir profesjonelt kan han forvalte sine ressursar. Ein fulltidsbonde med hundre kyr tileignar seg meir erfaring over tid enn ein deltidsbonde med femten. Han har folk til å hjelpe seg, han slepp gå på jobb åtte timar om dagen. Dyra treng ikkje stå utan tilsyn medan bonden er på arbeid, noko som er eit dyrevelferdsmessig dilemma i deltidslandbruket. Eg vil heller ha ein fulltidsbonde med femti kyr enn ein deltidsbonde med fem.




Eg trur vi skal slutte å snakke om skala, og heller snakke om fulltidsbønder. Det må gå an å leve som fulltidsbonde i Norge utan å slite livet av seg for ingen pengar. Dagslønna i mange samdrifter er nede i 700 kroner. Kven ønsker å gå inn i ei slik næring? Stress og mykje arbeid ødelegg både familieforhold, sosialt liv og dyrevelferden.




Eg trur vi skal vere forsiktige med å idyllisere det ekstremt småskala deltidslandbruket. Eg veit at dette er politisk ukorrekt å sei, men det er ein del ting som tilseier at deltidsbønder ikkje er det optimale.


Mange i Norge held sauer for å pleie kulturlandskapet. Ein får også tilskot per dyr. Dette er ikkje berre bra. Mange som held sau i småskala produksjon greier ikkje ta seg av dyra. Dei mangler kunnskapen og dei bryr seg ikkje. Dei er mest opptatt av kulturlandskapet. Dette er ingen god måte å halde dyr på om vi vil ha etisk forsvarleg lokalt produsert økologisk mat. Ein må rydde opp i kompetansen til ein del av dei som driv med sau og stille krav til hald av desse dyra.


Eit problem i hald av dyr er kompetansemangel. Eventuelt likegyldighet. Dette gjeld sjølvsagt ikkje alle, men det gjeld for mange.


Eit eksempel er sau. Det er vekst i villsaunæringa i landet vårt. Villsau er sauer som lever ute heile året, fortrinnsvis på kysten på lyngheibeite. Veksten i næringa er på den eine sida bra. På den andre sida er slettes ikkje alt rosenraudt.
Ein del saueeigarar tenker at villsauen skal leve heilt naturleg. Desse saueeigarane, eg vil ikkje kalle dei bønder, er så ultranaturlege at dei let sauene svelte ihjel når dei blir gamle og tannlause og ikkje lenger greier få i seg nok mat. Fordi det er slik sauer dauar i naturen let dei dyra sjølvdaude på beite.
Nokre let vere å ta av sauene pelsen og let dei gå med doble fellar. Sauene sleper etter seg lang ull der det festar seg store lass med snø, og sauen kan, om det vert ille, fryse fast i bakken der den svelt ihjel. Slikt hald av dyr er ikkje etisk forsvarleg sjølv om det høyrest sunt, økologisk og naturleg ut. Det er misforstått godheit, og det er dårleg økonomi.


Det er ikkje alltid vits å brøle om større båsar. Av og til er det lurt å be folk om å slutte og slå eller skaffe seg kompetanse. Å beherske naturen krev stor kunnskap, ikkje berre edle hensikter. Kompetansekrav ved hald av dyr bør tungt vektleggast i landbruksmeldinga som no er på trappene. Ein skal kanskje også våge å snakke endå høgare om dyrevelferd. Ikkje berre om investeringsstøtte.






Det er ikkje særlig hyggelig å sjå korleis heile flokkar går og svelt medan eigaren høstar hyllest som ein respektabal person som tek hand om kulturlandskapet. Burde det ikkje også vere krav om at han også tek seg av sauene? Det er ei myte at dyretragedier og personlege tragedier heng i hop. Mishald av dyr heng også saman med kunnskapsmangel og gode, men fantasifulle, intensjonar rundt dyrehald.


Å beherske naturen krev kunnskap, ikkje berre gode hensikter.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Å halde foredrag for gubbar

Av og til må eg sei eg er ganske så lei av å halde foredrag. Du står framfor eit publikum, og skal snakke om at unge folk skal til bygda, og så sitter der hundretals, eller titals, menn og kvinner i alder femti seksti pluss og stirrer tomt på deg med armane i kors. Er det inspirerande? Nei. Det er svært lite inspirerande og svært kjedelig. Eg lurer av og til litt på kvifor ein har så mange konferanser. Folk møtes, stirrer på den som snakkar, skal liksom bli inspirert, og så skal ein gå heim og vere opplyst og glad og ha med seg nye og betre idear enn dei ein kom dit med. Gud, det er så kjedeleg å snakke til slike publikum. Du veit at mange av dei ikkje ein gong høyrer etter. Dei sit der, og er der, mest av alt for å få kake, ta seg ein fest, slenge drit, pule ei eller anna dame dei ikkje har pult før, og så dra heim til kjerringa. Det er vel eigentleg, summa summarum, det inntrykket eg har fått av kvifor ein arrangerer konferanser for distriktsutvikling. Eit hederlig unntak er Dyrøys