Eg har altså kasta meg på barnebokkjøret, og det handlar ikkje om at eg går i barndomen, men om at det finst så masse knakande bra barneboklitteratur. Dessutan forsøker eg iherdig knekke barnebokkoden. Dermed kjøpte eg ei bok av Iselin Alvestad, Dragene våkner, på Aschehougs bakgårdssalg, og det einaste eg no greier tenke på er KVIFOR KJØPTE EG IKKJE ALLE BØKENE som Alvestad har skrive. Det er nemlig ein heil serie, og eg antar at alt er like bra. For her er det fantasi i sving, og det skjer så lett og ledig, så naturlig og inneforstått at alt berre er som det skal vere. Det som skjer samsvarar med naturlovene i universet vi opererer i, og dette er inga selvfølge. Om du les Philip Pullmann , mannen bak Den mørke materien, blant andre bøker, eller om du les Harry Potter for den del, ser du at her er store komplekse univers der alt som skjer, skal kunne skje innanfor røynda ein her beskriv. Det er ein kunst, ein grunnpillar i ei barnebok som går over i fantasiens verd: konsekvens. Eigne ...