Gå til hovedinnhold

Den ulende mølleren


av Arto Paasilinna er tidenes lesaroppleving. Eg skjønar på ingen måte kvifor i alle dagar eg ikkje har oppdaga denne fantastiske forfattaren før. Og som det blir sagt: har du først oppdaga han, så er du hekta, og det er kanskje difor han er bejubla og omsett til ei rekke språk. Lat oss kort oppsummere:


Heidundrande beskrivelsar

Kanonbra sitater

Alt crap er kutta ut, ting skjer DER, møllaren drar til bygda og stjel våpen, han set fyr på kirka, han legg i veg!

Hjarteskjerande beskrivingar av galskapen i eit sneversynt bygdesamfunn som ikkje tolererer den litt spesielle møllaren som kjem til bygda, og vanviddet i handlingane til mange av innbyggarane i bygda, fullstendig i tråd med menneskeleg psykologi og kva vi er i stand til av dumheiter.


Medan den norske bestselgaren Henrik Langeland skriv tekst så flat som eit fortau, så grå som stein, så gørr at du kan grine av det, er Paasilinna eit eksempel på det motsette. Han er ein forfattar som briljerer så til dei grader med språk, vendingar og sitater at det er rett og slett dansar bortover myrane, gjennom skauen, over slettene, ut på vegen, oppetter bergveggane. Heidundrande hei kor det går bortgjennom teksten. Det er litt av den same opplevinga eg fekk når eg las Tonje Glimmerdal av Maria Parr, ei barnebok rett nok, men dog så smekk full av vilt bra sitat, ord og beskrivingar at det berre feide av bana det meste anna. Vil du skrive, er dette to forfattarar som er eit MUST å lese, språklig briljanse i høg klasse. Les og lær.


No er det berre å kaste seg over resten av forfattarens bøker. Drit i forfattarskular, les Paasilinna. Karl Ove Knausgård har uttalt at han fekk mange års skrivesperre av å gå på forfattarskule. Det er altså det motsette som skjer om du les Paasilinna.


.

Populære innlegg fra denne bloggen

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Med døden på jobb. Farlege dyresjukdommar, dramatiske følger.

  I følge FN er 75 prosent av patogenene (virus, bakterier, sopp) som har dukka opp siste tiåret, zoonosar, altså sjukdomar som smittar mellom dyr og menneske. Eg havna som veterinær høsten 2011 oppi det størte miltbrannsutbrotet i Sverige etter andre verdskrig. Miltbrann, eller Anthrax, er ein zoonose, det vil sei ein sjukdom som smittar frå dyr til menneske. Eg trakk på meg verneutstyr og masker, og gjekk inn mellom stinkande kadaver for å leite etter ukoagulert blod og mangel på likstivheit, to av kjenneteikna ved miltbrannsdaude dyr. Aguer og tarm er hakka ut av ravnar, det renn blod. I blodet kan det finnast dødelege sporar. Eg kan sjølv bli sjuk. Det er uhyggelig og kan faktisk vere livsfarleg.  Les om miltbrann i Norge. Under ein sermoni i Roma erklærte FN Rinderpest, eller kvegpest, som offisielt utrydda.   Kvegpest spreidde seg med kveg som vart frakta med militæret og via handel med levande dyr. Den industrielle revolusjonen med oppfinninga a...

Bløff om burhøns

Du har kanskje lese det i media: bur for verpehøns er no forbode i Norge. Den glade nyheten spreidde seg som eld i tørt gras etter nyttår. Der er berre eit problem: burhøns er ikkje forbode i Norge. Det har berre kome ein ny type bur. Verpehøns står ikkje lenger i såkalt tradisjonelle bur, men i miljøinnreia bur. ”Egg fra burhøns” lyder advarselen på eggkartongene på Rema 1000. Upresis markedsføring, mener Fjørfelaget» (Animliasnettsider). Denne artikkelen stod på trykk som gjestespalte i Nationen 14.juni 2012. Den stolte hane bløffar også om bur. Fjørfelaget er sinte fordi Rema 1000 merker egg frå burhøns, med «egg frå burhøns», men sjekkar vi ut videoane Animalia har lagt ut av dei nye såkalte miljøinnredningane for verpehøns, skal ein ha rimeleg dårleg syn for å kunne påstå at dei nye bura ikkje er bur. Til og med kvinna som viser fram bura, omtaler bura som bur. Dette må vere ein taleglipp frå Nortura si side, då det er samvirket sjølv som står bak videoen. Nortura ...