Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra juni 14, 2011

Kven skriv du mot, Andresen?

I lesarbrevet “Vi trenger deg ikke som bonde!” skriv Nils August Andresen, Minervas redaktör, at nordmenn ikkje har så lyst på norskprodusert mat som “det Viken postulerer”. Alt her snublar han. For kvar finn Andresen at eg postulerer dette? Ingen stad. Det er ikkje mitt poeng at all mat på död og liv skal vere norsk. Mitt poeng er at maten skal vere forsvarleg i den forstand at det skal vere levelege vilkår for folk og dyr, blant anna med skikkelige inntekter. Les min kronikk "Difor blir eg ikkje bonde" som Andresen svarar på. Andresen skriv at kortreist ikkje alltid er mest klimavennleg. Det har han heilt rett i, men Andresen trur tydelegvis at eg meiner det motsette. Kvar tar han det frå? Eg meiner da ikkje at kortreist alltid er best. Til slutt tek Andresen före seg subsidiene. Han vil ikkje betale meir i skatt for at eg skal produsere meir kjedeleg norsk mat. Men når sa eg noko om at eg ville ha meir i subsidier? Aldri. Andresen fyrer laus med argument som tydele