Når ein skal skrive bok, skal ein lage kunst. Det er viktig. Ein skal vere ekstremt opptatt av å skrive og av å skrive bra, og ein skal flikke på ord og setningar og mekke plott og stories, og ein skal ditt og datt og hist og pist og til slutt har ein da altså laga kunst. Ein skal vere dedikert. Så dedikert at ein går frå vettet, krasjar bilen og helst begynner på speed. Det er liksom så kjedelig å vere ein eller anna krøllete forfattar som berre sit og skriv i hettegenser, liksom. Forfattar, bohem, boms, bloggar, poet. Her skal det gå unna minst ein heil kasse Camelar per dag, to dunkar rødvin i timen og tretten liter kaffe per døgn. Og så skal ein gi ut boka, den skal trykkes og nokon skal slakte den, terningkast skal tatoverast over heile kroppen og du skal vinne ein Nobelpris, kanskje to. Etterpå skal ein haug folk skal vere rasande for at du fekk for mange prisar, dei skal trass alt fordelast likt til absolutt alle ellers er det grusomt forferdeleg. Og så skal ein klage over at ...