Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra oktober 22, 2012

Hos Karina bur slottskaninar, bestemorhøner og pensjonerte sofagrisar.

I Fosseheimen Naturpark på Viksdalen i Sogn og Fjordane bur det hestar, lama, høner, kalkunar, hundar, grisar og kanin. Det er Karina og Ståle Hetle som driv garden. Alle som vil kan kome og helse på dyra når dei har open gard i helgene. Karina tek seg av mange dyr som andre ikkje vil eller kan ha lenger. Grisen som måtte lære og bli gris . Eit av desse dyra er den kanadiske grisen Pomba. Pomba er ein liten svart gris på snart to år. Han har vore hos Karina i nesten eit år. Før Pomba kom til Karina var han husgris. Artikkelen er trykt i siste utgåve av Norsk Barneblad . Då Pomba var åtte veker, flytta han inn i leiligheten til ei dame som ikkje ville ha hund, men gris. Pomba vart storbygris, sov på sofaen og var ein ekte stovegris. Dama var veldig oppteken av at Pomba ikkje skulle bli svinaktig feit, så ho gav han lite mat. Pomba var alltid svolten, og fordi Pomba var svolten, laga han leven. Han leita etter mat i søpla og blei etterkvart ganske slitsom å ha i hus.