Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra juni 2, 2008

Galskap

Melding hos ABC av Kjegler av Kurt Sweeney. Eg synest dette var ei vanskelig bok å melde. På den eine sida skriv han svært godt, på den andre sida skjønar eg ikkje kvifor eg skal lese boka.. Men kvifor les ein uansett bøker?

Den tørre kontorjournalistikken

Gapet mellom media og folk er stort. Eg trur ein stor del av årsaka er at journalistar flest ser ut til å like seg best på kontor. (Lørdagskommentar i Firda 31.mai 2008 i spalten Arena). I store delar av Oslo-pressa vert ein ganske raskt spikra fast i kontorpulten under strenge budsjettstyringar som hindrar reiser hit og dit. Ein kan ta seg ein runde til Stortinget, eller vase omkring i departementa til auget blir stort og vått, eller springe ut til ein avtale, men stort lenger kjem ein seg ikkje, bortsett ved enkelte høve då du vert send avstad til andre delar av landet eller verda med beskjed om å skunde deg heim igjen med mest mulig stoff. Etter å ha arbeidd under fast arbeidsgivar i Akersgata og anna Oslo-presse, bestemte eg meg for å bli frilans. Eg likar meg best ute blant folk. Det er der ein finn dei gode sakene. Ifjor haust var eg også på reportasjetur, blant anna til Kirkenes. Frå kontoret i Oslo kunne eg finne ut mangt, men det var blant folk i Sør-Varanger eg følte pulsen