Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra februar 27, 2013

Det er ingen, som med kompetanse i hand, kan hevde at rev eller kanin i bur er godt dyrehald. Påstanden speglar kun haldningane til avsendar, ikkje kompetansebasert argumentasjon.

Viktigheita av gode haldningar Trykt i Nationen som gjestekommentar 26.februar 2013. Anne Viken er veterinær. Følg meg på Twitter eller Facebook. Interessert i dyrevelferd? Abonner på denne bloggen i høgre marg. Kanin leikar i papphus. Lett å lage. Tirsdag sist veke stod det på trykk ei sak i Dagbladet om kaninhald. Saka handla om kaninen Erling som hadde site ti åreinsam i eit lite bur. Som eit resultat av det stillesittande burlivet fekk Erling beinskjørhet, leddgikt og slitasjeforandringar i ryggen. I tillegg blei han deformert grunna manglande muskulatur. Årsaka til at saka er svært god, er at det sit mange misheldne kaninar som Erling rundt i landet. Ofte utan at eigaren veit at han driv nettopp mishald. Dei treng kunnskap for å endre haldningar til hald av kanin i bur. Under bileta i denne posten får du tips til godt kaninhald. Takk til Marit Emilie Buseth, forfattar av Den store kaninboka, for hjelp med fakta og råd, samt foto til posten. Tirsdag kveld var