Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra september 7, 2009

Økologisk merkevarebløff?

Trykk på biletet og kommentaren blir stor og leselig. Det er umulig å påvise at der er mindre utslepp frå kortreist og økologisk mat, versus konvensjonell og langreist. (Denne kommentaren stod på trykk som signert-artikkel i Klassekampen 5.september 2009) Marknaden for økologisk mat er nær dobla sidan 2006. ” Dette representerer ein marknad vi i størst mulig grad må fylle med norske produkt. Økologisk mat skal vere ei inntektskilde for norske bønder ” , sa statssektretær i Landbruks- og matdepartementet, Ola T Heggem (Sp) på landsmøtet til norsk sau og geit. Innovasjon Norge reiser ikkje rundt og skryt av alle dei store industrifjøsa dei gir økonomisk støtte til, men av dei små gardsmeieria som sel kuriøs ost som fortel oss den snille historia om livet på landet som vi liker å høyre. Den om bonden med tre kyr og helst ein hest på stallen. Framstillinga av den norske bygda får vi gjennom Aftenpostens LEVE magasin der folk flyttar frå byen til bygda for å realisere seg sjølv blant økolo...