Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg med etiketten Nationen gjestespalte

Det er ingen, som med kompetanse i hand, kan hevde at rev eller kanin i bur er godt dyrehald. Påstanden speglar kun haldningane til avsendar, ikkje kompetansebasert argumentasjon.

Viktigheita av gode haldningar Trykt i Nationen som gjestekommentar 26.februar 2013. Anne Viken er veterinær. Følg meg på Twitter eller Facebook. Interessert i dyrevelferd? Abonner på denne bloggen i høgre marg. Kanin leikar i papphus. Lett å lage. Tirsdag sist veke stod det på trykk ei sak i Dagbladet om kaninhald. Saka handla om kaninen Erling som hadde site ti åreinsam i eit lite bur. Som eit resultat av det stillesittande burlivet fekk Erling beinskjørhet, leddgikt og slitasjeforandringar i ryggen. I tillegg blei han deformert grunna manglande muskulatur. Årsaka til at saka er svært god, er at det sit mange misheldne kaninar som Erling rundt i landet. Ofte utan at eigaren veit at han driv nettopp mishald. Dei treng kunnskap for å endre haldningar til hald av kanin i bur. Under bileta i denne posten får du tips til godt kaninhald. Takk til Marit Emilie Buseth, forfattar av Den store kaninboka, for hjelp med fakta og råd, samt foto til posten. Tirsdag kveld var...

Kjøttfrie dager - forbrukarbløffen om kjøt

..heller enn å bremse opp, slå eit slag for dyrevelferd og kvalitet, pøsar landbrukssektoren på med meir søppelkylling, meir betongpurker og meir kalkun med hofteleddysplasi. På same tid klagar ein over dårleg betaling. Men lat oss vere litt ærlege med oss sjølv: kva kan ein i grunn vente seg av betaling for industrielle masseprodukt? Trykt i Nationen som gjestespalte 4.oktober 2012 Her om dagen fekk eg ei bok i posten. Kjøttfrie dager er skriven av journalistane Hege Ulstein og Yngve Ekern, som forøvrig også er eit ektepar. Ekern traff eg på Dyreetikkonferansen i Oslo 21.september der han sat i eit mannstungt panel og debatterte Hvordan formidle dyreetikk – fra gård til gaffel . Professor Runar Døving hadde tidlegare halde eit innlegg om Å produsere et dyr , og påstod at å avlive eit kjæledyr er som eit mord å rekne. Virkeligheten er ein stad eg trivast til dels ganske godt i, og Døving var i ferd med å ta oss alle ut på viddene. Så kom den energiske Eker...

Bløff om burhøns

Du har kanskje lese det i media: bur for verpehøns er no forbode i Norge. Den glade nyheten spreidde seg som eld i tørt gras etter nyttår. Der er berre eit problem: burhøns er ikkje forbode i Norge. Det har berre kome ein ny type bur. Verpehøns står ikkje lenger i såkalt tradisjonelle bur, men i miljøinnreia bur. ”Egg fra burhøns” lyder advarselen på eggkartongene på Rema 1000. Upresis markedsføring, mener Fjørfelaget» (Animliasnettsider). Denne artikkelen stod på trykk som gjestespalte i Nationen 14.juni 2012. Den stolte hane bløffar også om bur. Fjørfelaget er sinte fordi Rema 1000 merker egg frå burhøns, med «egg frå burhøns», men sjekkar vi ut videoane Animalia har lagt ut av dei nye såkalte miljøinnredningane for verpehøns, skal ein ha rimeleg dårleg syn for å kunne påstå at dei nye bura ikkje er bur. Til og med kvinna som viser fram bura, omtaler bura som bur. Dette må vere ein taleglipp frå Nortura si side, då det er samvirket sjølv som står bak videoen. Nortura ...

Kyr over hovudet

"God dyrevelferd er et mål i seg selv, og er et gode for samfunnet og konkurransefortrinn for norsk landbruk," kan vi lese i einpresentasjon av landbruksmeldinga hos Landbruks og matdepartementet. Norge er verdsmeiser i dyrehald, ifølge oss sjølv. Dyrevelferden er vårt konkurransefortrinn. Ei lang rekke andre land påstår nett det same. Blant andre Sverige. Men sjølv verdsmeistrar har sine problem, blant anna er skalaen på melkebruka på veg oppover. I sjølvutnemd verdsmeister Sverige er beitekravet sonedelt. Fire månader i sør, tre i mellom-Sverige og to i nord. Men alt er ikkje rosenraudt sjølv om verdsmeister Sverige slår verdsmeister Norge ned i støvlane (vi har ut året null beitekrav for kyr i lausdrift). I verdsmeisterlandet Sverige motarbeider organisasjonen Sveriges Mjölkbönder det svenske beitekravet.    Per Andersson, ordförande i interesseforeningen, argumenterer med at melkekyr har det best inne. ( Sveriges Radio Ekot (9.juni 2009 ) Mjölkbönderkritiska mot ...

Verdas vakraste pensjonistreise/ engelske turistar på hurtigruta

På min veg til Kirkenes går eg ombord på hurtigruta i Tromsø. Tromsø har stort, nytt glasbibliotek i fleire etasjar, ishavskatedral og rådhus der lysa blinkar i takt i lyshow oppover i etasjane når kvelden sig på. Tromsø har også eit livlig uteliv, og eg fekk ei detaljert innføring i byens nattklubbar av ei dørvakt eg møtte i mi jakt på fiskemat. Ombord i hurtigruta merka ganske snart at eg var ein av dei yngste ombord. Eg deltok med andre ord på verdas vakraste pensjonistreise, og etter kort tid sat eg linja opp framme på dekk blant ei lang rekke andektige pensjonistar. Sjå på dei små gardane, seier ein engelsk turist når vi er på veg ut frå Tromsø. Små gardar ligg nede i strandkanten under tett skog og bratte fjellsider. Bur her verkeleg folk? Og har dei veg? Ein heil flokk engelske turistar lener seg mot ruta i panoramasalongen og deltek aktivt i jakta på ein veg. Jo, sanneleg. Det ser ut som om det er ein veg der inne mellom trea, utbryt den eine. Resten av...

BIff frå Uganda til Europa viste seg å vere eit vanskelig prosjekt

Biff frå Uganda til Europa stod på planen. Eg drog ned for å undersøke kva utfordringar Nortura møtte på vegen mot kjøt med eksportstandard. Norads konsulentar bomma med fleire tiår i si berekning av tidsrammer for prosjektet: kjøt skulle til Europa i løpet av fem år. No er det ikkje realistisk i overskueleg framtid.   Det er ikkje "vond vilje" og "nei til handel" som gjer at vi ikkje importerer kjøt frå Uganda slik mange trur, men dei ekstremt strenge hygienekrava som vert stilt på den europeiske marknaden. Desse krava greier ikkje Uganda innfri. Eksempelvis vil vi ikkje ha kjøt med munn- og klauvsjuke. I Uganda: Anne Viken (tekst og foto), trykt i Nationen 30.april 2011. Top Cut slakteri i Kampala, Uganda, er tomt. Berre eit par menn søv på golvet. På ein bjelke under taket ligg ei notisblokk med oversikta over dagens slakt. Under slaktinga som startar klokka tre om morgonen ligg levande og døande dyr, tarmar og horn på golvet i kramper og bl...