Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra februar 18, 2011

Rovdyrforkjemparar har den same brutale syn på dyr som ein finn i den hardast industrialiserte delen av storskala landbruk

Det er interessant at mange av dei som seier ja til ulv, og ja til økologisk mangfald og natur, innehar det same synet på dyr som ein finn i den mest industrialiserte delen av landbruket. I begge leirar anser ein dyr som deler av ein flokk, ikkje som levande enkeltindivid med følelsar som angst og svolt.  Logikken som vert brukt i rovdyrdebatten, er kjend frå storskala industrilandbruk der ein ikkje lenger har oversikt over enkeltdyr, berre enkeltdyrs nummer i eit datasystem eller på flokk- og bingebasis. Eksempelvis kylling, kalkun og verpehøner, dyr fullstendig utan eigenverdi. Den same logikken forheld ein seg til i rovdyrdebatten, men då er det sau og geit det gjeld. Dyr utan ansikt og offentleg profil. Dei har berre nummer, og kanskje eit namn, og eit ansikt som lett vert erstatta av eit anna. Medan bønder flest bryr seg om dyr og er opptatt av «enkeltindividet sau», er ikkje rovdyrvernarar opptekne av dyr. Dei er opptekne av flokk og av at alle brikkene i eit økosystem skal v

Industritankegang blant rovdyrforkjemparar i rovdyrdebatten:

Bjørn og ulv drep berre når dei er svoltne, brølte eit par naturforbund, og så var alt sagt. Folk gjekk fem på. Dei trudde på at bjørn og ulv drap berre for mat.  Avstanden til landbruket og dyra er enorm, gigantisk, ubeskriveleg, sa far min og eg nikka. Sjølvsagt hadde han rett i det. Ein trengte berre å kunne lese for å vite såpass. Stillheita senka seg. Allmennheita var avleda, folket lurt. Drapsmaskinene hadde sine høge beskyttarar i systemet. Det hadde ikkje geiter. Det hadde eg no klart forstått. Geiter var stygge dyr utan verdi, og fordi det var mange av geitene, var det ikkje så farleg at nokre av dei vart ihjelrivne av rovdyr, plaga eller haldne på uetisk vis. At ei av tusen geiter hadde det vondt, var ingenting å bry seg om. Der fanst trass alt ein haug andre geiter som ikkje hadde det vondt, og geiter er ikkje eit individ, men flokk. Tanken var i rovdyrdebatten som i industrilandbruket: eit dyr har ikkje ansikt, ikkje namn, berre eit nummer. Far min sa at naturvern