5. feb. 2013

Senterpartiets tilnærming til dyrevelferd er eit gufs frå fortida.

Senterpartiets tilnærming til dyrevelferd er eit gufs frå fortida.

Den kompetansebaserte banehalvdelen av landbrukspolitikken er open. 

Les artikkelen hos VG+

Haldningane partiet frontar, er haldningar frå ei tid då dyrevelferd vart ansett å vere ein disiplin for dyrevernarar, ikkje ein fagdisiplin tungt underbygd med forskning. For Senterpartiet er landbruksdyr eit virkemiddel til å nå distriktspolitiske målsetningar om folk og fe over heile landet, og på distriktspolitikkens alter ofres hensyn til norske landbruksdyrs ve og vel, samt hensynet til kvalitet i produksjon. Dette ser vi i sak etter sak. Framfor å bygge på dagens kompetanse, bygger Senterpartiet politik og tiltak på gårsdagens myter og ideologi.

Artikkelen er trykt i VG 12.februar 2013

Det viser seg i sak etter sak.

Senterpartiet har delteke i å nedkjempe norske kyrs rett til utegang. Norske kyr i lausdriftsfjøs skulle etter forskrifta frå 1.januar 2013 hatt krav på åtte vekers utegang. No er forslaget sabotert, og krav om utegang utsett. Norske bønder med kyr i lausdrift kan halde fram med å halde kyr inne året rundt. Takk til Senterpartiet som har trossa alle faglege råd, trossa kompetansen vi har på at kyrs helse stig ved mosjon og tilgang til utegang, og plassert Norge langt bak land det er naturleg å samanlikne seg med.

Når eg, som har arbeidd som dyrlege i Sverige, fortel svenske bønder at norske bønder får halde kyr inne året rundt, vert dei rysta. Dei er ikkje dei einaste, men Norge har ikkje kome særleg langt når det kjem til haldningar rundt hald av landbruksdyr. Vi har enno ikkje forstått samanhengen mellom god dyrevelferd og god økonomi. Godt stell av landbruksdyr er bissniss, men det har ikkje blitt bissniss i Norge enda. God dyrevelferd er ein nøkkel til inntjening og økonomi i landbruket, men dette blir ikkje vektlagt i Senterpartiets politikk. Her blir dyrevelferd framleis ansett som tøv og tullprat frå akademikarar, og ein lener seg på eigne mytiske forestillingar om kva som er kvalitet og god velferd.. I andre land sit dette i ryggmargen. Dit har ikkje Norge kome, mykje takk til Senterpartiets dominerande posisjon i bekjempelsen av kvalitet i norsk landbruk. På distriktspolitikkens alter, hald kyrne inne, underslå økonomien i landbruket.

Trygve Slagsvold Vedum har trassa faglege råd og ekspertise, og no får norske kyllingbønder halde 36 kg kylling per kvadratmeter, kontra tidlegare 34. “Landbruks- og matminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) mener de nye kyllingreglene er et fremskritt for dyrevelferden.” Universitetet for miljø- og biovitenskap på Ås har undersøkt hva forskningen sier om så fullstappede kyllinghaller: «Ved dyretetthet på over 33 kg/m² finner man en ytterligere reduksjon i drikking, eting, ståing, vertikale vingeslag, kroppspleie, hakking og krafsing i strø, og en redusert evne til å gå som reflekterer en økning i halthet», heter det i rapporten fra Ås.” (vg.no, 9.desember 2012).

No instruerer Slagsvold Vedum Mattilsynet til å gå inn for at elefantar skal vere lov på sirkus, sjølv om Mattilsynet og anna fagleg ekspertise er einige om at sirkuselefantanes dyrevelferd ikkje er godt nok ivaretatt. “Det er ikkje godt nok for landbruksministeren”, skriv nationen.no 5.februar 2013, og vidare: “som har presset Mattilsynet til å komme med et nytt forslag. Dette minner om pelsdyrdebatten, der Senterpartiet så langt har klart å tvinge gjennom en fortsatt drift av norske pelsdyrfarmer selv om det er flertall både i regjeringen og i Stortinget for det motsatte”.

I sak etter sak har Senterpartiet nedkjempa fagmiljøa, faglige råd og faglege vurderingar til fordel for ideologi og distriktspolitikk. Pariet frontar eit syn som ikkje høyrer heime i år 2013, og på ingen måte matchar vår tids kompetanse og tilgang på fagleg ekspertise innanfor matproduksjon og dyrehald. Kva treng vi eigentleg kompetanse etter, når vi har Senterpartiet? Fagmiljøa når ikkje gjennom, norsk dyrevelferd er på hælane og vi kan på ingen måte, så lenge Senterpartiet får lov å halde fram, flagge oss i verdstoppen på hald av landbruksdyr.

Senterpartiet er eit parti for den som gir ein god dag i dyrevelferd og kompetanse, som køyrer hardt på ideologi og distriktspolitiske målsetningar utan auge for kvalitet. Det er på tide at andre politiske parti grip inn og tar opp tråden. Der finst kompetanse, der finst tunge fagmiljø og arenaen for å spele på den kompetansebaserte banehalvdelen av landbrukspolitikken er open. Der finst per dags dato ingen spelarar. Dette er ein lett match og ein open plass i terrenget. Nokon må gripe sjansen før Senterpartiet køyrer norsk landbrukspolitisk forvaltning tilbake til syttitalet.

Anne Viken, veterinær