... og så var greia den at eg heile mitt liv har hatt lyst til å skrive bok. Og mens eg tenkte på at det hadde vore gøy å skrive ei bok, begynte forlaga å ringe meg. Dei hadde lest mitt sinn. Eg utstråler tydeligvis "bokmanus", og etterkvart har ca åtte forlag tatt kontakt. Hyggelig, meget hyggelig, og det er trivelig og alt det der. Ein kan i fred og ro velge seg ein redaktør, og i fred og ro drikke forlagskaffe, ikkje alltid like god kaffe men dog kaffe, og prate om ting som ikkje finst og som ikkje skjer, og som rett og slett berre er fantasi og tull og vas, og det er kjempemorro, og du kan sette deg ned og berre skrive ned alt mulig rart som du kjem på, og mekke historier og folk og plott og settinger, og du får til og med penger for det. Det er heilt surrealistisk, og heilt ubegripelig morro for ein geek som kun har lyst til å skrive lange tirader av ord, som digger vampyrer og krim og bygda og byen og helst vil vite absolutt alle intime og uintime detaljer om absolutt a...