Gå til hovedinnhold

Kva medias redaktører kan lære av forlagsredaktørane

... og så var greia den at eg heile mitt liv har hatt lyst til å skrive bok. Og mens eg tenkte på at det hadde vore gøy å skrive ei bok, begynte forlaga å ringe meg. Dei hadde lest mitt sinn. Eg utstråler tydeligvis "bokmanus", og etterkvart har ca åtte forlag tatt kontakt. Hyggelig, meget hyggelig, og det er trivelig og alt det der. Ein kan i fred og ro velge seg ein redaktør, og i fred og ro drikke forlagskaffe, ikkje alltid like god kaffe men dog kaffe, og prate om ting som ikkje finst og som ikkje skjer, og som rett og slett berre er fantasi og tull og vas, og det er kjempemorro, og du kan sette deg ned og berre skrive ned alt mulig rart som du kjem på, og mekke historier og folk og plott og settinger, og du får til og med penger for det.

Det er heilt surrealistisk, og heilt ubegripelig morro for ein geek som kun har lyst til å skrive lange tirader av ord, som digger vampyrer og krim og bygda og byen og helst vil vite absolutt alle intime og uintime detaljer om absolutt alle eg kjenner, som liker overdrivelser og underdrivelser og spissformuleringer og debatter, og som har tusen ideer til kva som kan skrives og bør skrives, og vil skrives, og som liker å høre på folk klage/ fortelle om sjelelivet sitt i time etter time, all den tid det er ubegripelig fasinerende, og all den tid alt slikt heretter kan kalles research, eller kan det?

Eg leste om ein forfatter som fekk antatt manus før det var ferdig. Å få manus antatt er lettare enn eg hadde trudd. Eg trudde dette skulle vere ein tornefull vei via tusenvis av konsulentar, men det har det altså ikkje blitt. Det har heller blitt ein tornefull vei via spørsmålet kva forlag skal ein hekte seg på? og kor hardt kjem dei til å denge meg om eg bytter forlag, og kva i alle dager gjer ein for å få penger ut av forlaget? Ingen av delene har vore noko vanskelig, og no er maskineriet i gang.

Og det er ein stor skilnad mellom media og forlagsverden. Medan media er smekk full av middelmådige redaktører som ikkje makter å sjekke artiklene dine, og som ikkje orker prøve å få deg til å yte noko bra, så er forlagsredaktørane heilt annleis, er mi erfaring så langt. Dei er ute etter å mekke gode manus, og har ei genuin interesse for tekst og storyer og greier. Det er kort sagt langt meir ambiøse på vegne av deg enn mediebransjen er. Iallefall er dette mi erfaring. Eit manus skal jo selge, du skal få mange gode omtaler osv er vel målet, håper vi. Ein journalist skal liksom berre fylle nokre sider med lavmåls spam (jamfør div lokalmedier samt tabloidene nasjonalt), og mange aviser dyrker ikkje sine skribenter fram. Dei lar dei mase i vei om alskens irrelevantheter eller dei lar dei få lov til å skrive ubeskrivelig dårlige tekster i avisa. (Jada, det gjeld også meg, eg får aldri oppfølging når eg skriv for media så det er mulig eg er litt bitter på redaktørane som er uambisiøse på mine vegne).

Det eg undrer meg litt meir over, er at mediene ikkje gjer det same. Nokre medienisser, og redaktører, er i dette sjiktet og eg har erfart nokre av dei, blant anna Åmås i Aftenposten er ein genuin pådriver for debatt, med eit unikt engasjement som eg aldri har sett hos nokon annan redaktør i mitt liv. Og noko av den slappheita som finst i avisredaksjonar, eller mangelen på mål om å oppnå eit slags tekstlig nirvana, eller mangel på ambisjoner, er kjedelig å forholde seg til. Eg er genuint opptatt av tekst, og seff, som alle flopper eg til tider og ikkje alt ein skriver er bra, men slik er det for alle. Da er det jævlig morro å oppleve redaktører som engasjerer seg positivit i det du driver med, som påpeiker styrker og svakheter og som faktisk bidrar til at eit manus blir betre. Det er ei myte at eit bokmanus utvikles i vakuum. Heldigvis.

Eg har ein gong før skrive at lokalavisredaktørane i Sogn og Fjordane skulle ha engasjert seg meir for å dyrke fram lokale debattantar og ny stemmer til samfunnsdebatten, og no gjentar eg det igjen. Denne gongen på vegne av rikspressen. Mulig det er søkt å trekke paralleller mellom forlagsredaktører og medias redaktører, men eg gjer det likevel. Fordi eg kan. Og fordi eg opplever det som eit privilegie å få jobbe sammen med slike dedikerte tekstinteresserte menneske. Det er kort sagt inspirerande.

(Eg har seff ikkje møtt alle medienisseredaktører i det ganske land, unntak finnes).

Dette innlegget toppar idag Norsk Redaktørforenings side, Borgeravisen

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre ...

Faktafeil om eggproduksjon frå Matprat

Matprat påstår at levetid for høner er 70 veker. Dette er ein faktafeil. Deretter blir dei slakta og solgt som høns, skriv matprat. Dette er også ein faktafeil. Dei fleste høner blir gass  ihjel og etterpå brent.  Fakta er at verpehøner i industrielt verpehønshald blir slakta etter 70 veker. I naturen, eller om dei får sjansen, kan høner leve i opp mot ti år. Levetida er altså ganske mykje lenger enn matprats påståtte 70 veker. Slik Matprat framstiller det, kan det oppfattes som at høner blir slakta når deira levetid likevel er slutt. Dette er altså feil. Dei blir slakta lenge, lenge før. Verpehøner i industrielt fjørfehald har fått rugeeigenskapane sine bortavla. Dei kan altså ikkje formeire seg naturleg. Dei må rugast ut i rugemaskin. Høner i naturen ville lagt to tre fire kull med kyllingar per år, med rundt ti kyllingar i kvart. Det er ikkje naturleg for ei høne å verpe kvar dag, men gjennom avl har ein fått fram høner som verp seks egg i veka, og ein avlar...

Tamme elgar som produserer ELGpapir, ELGolje og ELGmelk

I Jämtland lagar Sune Häggmark papir frå elgmøkk, ost frå elgmelk og lanolin frå elgpels. ­ Verdas dyraste ost! roper Sune Häggmark på svensk, stotrande engelsk og improvisert fransk. ­ Shit is money! Money, money, money! Jag älskar moose!   Fleire titals turistar, deriblant mange nordmenn, står tett i tett på tunet i Orrviken, ein kjapp køyretur sør for Østersund i svenske Jämtland. Her har Häggmark realisert sitt eige elgparadis med produksjon av papir frå elgmøkk, ost frå elgmjølk og lanolin av feittet i elgpelsen. Han er den entusiastiske gründeren bak turistverksemda Moosegarden, eller "elghagen" på norsk. Häggmark lever godt, svært godt etter at Moosegarden vart starta i 1997 som ein følge av to morlause kalvar som trong ein heim. Han gjer det klinkande klart for dei store flokken turistar at det er ei mengde pengar i elg. Moosegarden eksporterer elg til Polen, Tyskland og England. Inspirasjonen hentar han frå Russland. Ein tam elg kostar 35 0...