Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg med etiketten media

Gir hesteboka ein sjans, intervju med meg om mi nye barnebok i Klassekampen

Intervju med meg om barneboka i Klassekampen 1.august. Les reportasjen her. Bestill boka hos Samlaget og få den i posten rett frå trykkeriet i august.

Debatten om ubedøva slakt angår Norge.

I Morgonbladet 23.mars svarer Runar Døving svarer på mitt leserbrev « Halal – gamal metode i ny kontekst ». Døving skriv at han forventar seg at Viken og hennar stand bidrar til å opplyse om de faktiske forhold i slakt (altså at halal foregår med bedøving i Norge), og ein kan lure på om Døving las mitt lesarbrev særleg godt då eg der nettopp nøye poengterte korleis hala foregår i Norge: med bedøving, akkurat som anna slakt. I tillegg tek eg opp problematikken knytt til ubedøva slakt med fokus på EU. Døving er også kritisk til at eg gjer halal utan bedøving relevant for Norge, og meiner at norsk offentligheit er feil adresse for debatt om ubedøva slakt. Dette er ein i beste fall rar slutning då Norge er del av eit internasjonalt marked, også for mat. Kjøt som er slakta utan bedøving i EU vert importert både til Norge og Sverige, land som ikkje tillet slakt utan bedøving. Debatten om ubedøva slakt angår den norske forbrukar. Også EU ønsker at dyr skal bedøvast før avliving. European...

Tabloidmediene jagar lesarar over i nisjemedier

Ved å vere populistiske og overflatiske, jagar tabloidene høgt utdanna lesarar over i nisjemedier og halvoffentligheter. Vi treng ei sosialt inkluderande offentlighet, og det er ingen grunn til å tru at dette inneber ein vulgær og uinformert debatt i eit land med eit så høgt utdanningsnivå som Norge, står det i innleiinga til antologien Demokratiet før og nå som kom ut i august. Tar vi eit kjapt blikk på dagens medieoffentlighet, ser vi at påstanden er naiv. Eit eksempel på ei sak som har skapt myke liv i pressa siste vekene er saka om Trond Giskes sjåfør som køyrde i 140 kilometer i timen i 100-sona. Utdanning polariserer Eg er ikkje ein av dei som påstår at alt var betre før, og fekk, då eg kritiserte Dagbladets Tjostolv Moland-framside «Se hvor syk han er» på Ikveld på NRK2, høyre at eg var «for ung til å vite korleis ting var før». Men ein treng verken bli eldre eller samanlikne bakover for å sjå at det sirkulerer ei mengde banale nyhendesaker i dag. På samt tid er eit fakt...

Ottars mediale havari

Ottars sinne og frustrasjon over at dei ikkje er i stand til å nå gjennom i media, endar opp i eit angrep på Klassekampen. Leserbrev i Klassekampen 20.oktober 2011 Ottars representantar skriv (lesarbrev 15.oktober): « Reell, feministisk kamp blir og har blitt drevet av kollektiv: innen organisert kvinnebevegelse, innen fagbevegelse, og innen grasrota i politiske parti på venstresida». Hei Ottar: Tidene, og det mediale klimaet, har endra seg, om enn ikkje Ottar. Vi nyttar bloggar, sosiale medier, tradisjonelle medier, tekst, foto og nettverk. Det er supereffektivt. Lær av oss! Mediekompetanse + fagkompetanse = tar over debatten. Difor blir enkeltaktørar oppringt av media og set dagsorden medan Ottar snublar rundt og er forbanna over at gårsdagens mediemetodar ikkje lenger funkar. Og sirkelen er slutta: ein får ein individuell, eller såkalt fragmentert, kjønnskamp basert på dei aktørane som taklar media. Ottar skriv: «Det paradoksale er at venstre sidas dagsavis de siste tiår ...

Flukta frå agurkane

Eg var när ved å bli kvalt av ensformigheten i Oslo-media, brukte eg sommarferien på å arbeide som veterinär i Sverige. Denne artikkelen stod på trykk i Bergens Tidende sommaren 2010 som kommentar i lördagsbilaget. Avstanden mellom media og folket er stor. Det heile minnar tidvis om eit svært show. Vi veit jo alle at publikum sit adskilt frå scena. Når showet er over, går dei heim. Det meste ein har sett, vil snart bli gløymt. Slik sat eg ein gong i vår og tenkte på ein röd skinnstol ved respatexbordet i min minimale, sterkt overprisa vintagekåk på Grünerlökka i Oslo. Halve kretsen sat heime og las Knausgård, alle Facebook-debattar dreide seg om Knausgård, alle aviskommentarar dreide seg om Knausgård og eg gjespa meg gjennom spaltane. Det heile minna om ein parodi. Ein vakker dag var det nok. Eg var lei av innesnödde mediefolk viss einaste kilde til idear såg ut til å vere Facebook, og sidan eg tilfeldigvis er utdanna dyrlege sökte eg på förste og beste sommarjobb som kuveterinä...

Journalistars kompetansemangel i naturvitskap: eit demokratisk problem. Eit essay om profetar.

Tema: mediene og miljøpolitikken/klimakrisen; et kritisk blikk. Profetar, grisebust og journalistar. «Også guds ord må vinklast journalistisk», sa Martin Eide, professor ved Universitetet i Bergen, på Frokost med Bernt «Fra jakthund til vakthund» 20.oktober 2009. Han snakte om den journalistiske logikken for eit sprengfullt auditorie. Opp og ned trappene i det same auditorie vandra UiO-professor Bernt Hagtvedt og delte ut mikrofonen til taletrengte tilhøyrarar medan han jamra. Bernt jamrar alltid på Frokost med Bernt, og det er alltid oss journalistar han jamrar over. Han nyttar alle sjansar: Nei, nei og atter nei, desse journalistane. Vi skulle alle sammen vore pakka ned og lagt på lager. Eventuelt sprengt i filler, dynka i bensin og sett fyr på. Eg skal innrømme eg har kjent pulsen stige: han der Hagtvet må slutte å gjenta seg sjølv. Men så har han litt rett også, denne vandrande talemitraljøsa som kjeftar i veg ved ein kvar anledning. Journalistar manglar dannelse, journalistar ...

Om å bruke seg sjölv i kommentarar og kronikkar

Höyr sendinga frå Dagsnytt 18 mandag, 48,5 minutt ut i sendinga snakkar Knut Olav Åmås frå Aftenposten om "Difor blir eg ikkje bonde". Det er snakk om personlege fakta som er politisk relevante for å belyse ei politisk sak eller ein kulturell prosess, blant anna, seier Åmås. Det er ein måte å löfte tunge, store og viktige debattar i samfunnet på. Om "Difor blir eg ikkje bonde" seier Åmås: Denne kronikken delte tusenvis på Facebook, og titusenvis las den på nett. Delvis var det fordi den var velskreven, delvis fordi eg brukte det personlege frå eige liv. (Takk for det:) "Det er viktig å konkretisere og bringe ned på bakken store, og gjere store debattar tilgjengelege for folk. Å vere personleg, sakleg og relevant for ei sak." Dette er eg sjölv veldig opptatt av: gjere ting tilgjengeleg. "Ein kan også skrive personleg utan å skrive frå sitt eige liv," seier Åmås. "Det handlar om å bringe ned på jorda, perspektivisere og tilgjengelegg...

Då eg sende brev til kongen

Då eg var lita, sende eg lange brev til Kong Olav, og så til Kong Harald og fortalte om kva eg dreiv med. Eg fekk svar begge gongar og breva hadde eg på veggen. Det var ganske stort for meg å skrive brev til kongen. Kongen Slottet Oslo var adressa, og den var lett å hugse. Breva hadde vannmerke og var på ekte kongepapir. Det var litt swung over å få brev frå ein konge. Ekte swung og ein stor dag. Eg hadde det i ryggsekken fleire dagar og viste det fram på bussen så alle fekk ta på det. Eg hugsar også ein gong eg var ganske nær Dronning Sonja ein gong vi var i Finnmark. Det var og ganske kule greier for meg, ein liten stilk frå landet. Ein ekte kongeleg. Lat folk som skal få krigskorset få lov til å møte Kongen. Å møte Kongen er litt spesielt. Det blir liksom ikkje det same å møte Jens. Og kva er det ellers vi har konge til? Første gongen eg møtte Jens, var på Ap-landsmøtet i 2005. Han såg på meg og spurte: er du journalist i studentavis? Og det var eg. Nærmare bestemt ny...

Å ikkje lytte til kritikk: Dette er eit typisk trekk ved miljø som framelskar ein ideologi eller stolpetru på heilt andre ting enn kompetanse, og når kompetansen din ikkje lenger er eit kriterie, flyt ein på anerkjennelse frå sine nærmaste. Ein treng ikkje lenger prestere og nivået blir deretter: ein forblir ved sin lest

Dette er relevant for Sogn og Fjordane. (artikkelen er før trykt som Arena-artikkel, fast lørdagsspalte i avisa Firda i november 2008) Debatt som samfunnsutvikling I mi siste Arena-spalte tenkte eg snakke litt om korleis og kvifor skape debatt, samt korleis skrive bra, fullstendig klar over at eg ruslar inn i atter eit minefelt uten fasitsvar. Meg sjølv: Eg brukar det skriflige mediet for å fremme saker på same måte som politikarar brukar politiske parti, og årsaka til at eg skriv, er ei urokkeleg tru på debatt som redskap for samfunnsutvikling og kompetanseheving. Generelt: Skal du skape debatt, treng du a) å ha eit sterkt engasjement og ei klar hensik, og b) ein penn som klarer å trigge temperaturen. Den gode pennen og debatten er med andre ord redskapar på vegen mot målet som er endring eller påvirkning av samfunnet på eit eller anna nivå. Skribentar og redaktører som ønsker å sprenge debattmuren, treng både ein spissformulert bodskap og ein god penn. I tillegg er det...

Norge er ei bygd. Difor kjeftar folk på Ari Behn.

Kven er Norges største interne kjendis? Ari Behn. Og folk blir dritsure for alt fyren gjer og kaller han klovn i kommentarfelt. Folk raser mot Ari Behn no og Ari Behn da. Han ringer opp folk, han kler seg som dame, snakkar med sin døde bestefar. Ærleg talt. Har ikkje folk andre ting å tenke på? Dei må da kjede seg fryktelig som bruker så masse tid på Ari Behn. Eventuelt er berre Ari Behn ekstremt interessant og folk ellers gudsjammerleg kjedelege. Ari Behn er i seg sjølv ekstremt provoserande fordi han bryter med alt Bygda forlanger av han: konformitet, normalitet, kompetansemangel og anonymitet. I følge Bygda skal du vere middelmådig og anonym. Men herregud så kjedelig. Det gidder vi da ikkje. Norge er ei bygd. Ei bygd der alle som sjølv er feige, opptekne av å passe inn og ikkje vågar anna enn å sei det same som naboen, kavar seg voldsomt opp med ein gong nokon gjer noko litt anna, noko litt på sida. Og ein har verken humor eller toleranse. Ein har berre sin sure kjeft, sin eigen...

Storsnuten Terje Lyngstad og kjekkasen Viken uttaler seg frekt i media

om Bygda og sånne ting. Les den sprelske saka hos studentavisa Studvest. der Lyngstad snakker om bygdedyret, Viken seier at Viken liker betre teater enn bygderevy, og syns at Lyngstad har heilt rett når han snakker om at han ønsker seg eit anna publikum, eller noko, til teateret i fylket Sogn og Fjordane. Firda gir alltid god kritikk til bygderevyane. Fordi det er bra, eller? Og om dei får kritisk omtale klager revyane fordi "det er dugnad og det er da bra i seg sjølv". Er det sant, eller ikkje? Og bør det da omtales, om ein ikkje kan sei det ein meiner om disse tidvis flaue revyane uten å få smekk på flanken? Er lokalmedia støtteapparatet til revyane kanskje? Nei. Annonseplass koster for alle. Og kvifor vart det hissig stemning mot Lyngstad da han snakka om teaterets låge status på bygda? Følte folk seg mobba da og nedpåsett? Skjønar ikkje det. Folk må da tåle litt sanning utan å få mindreverdkompleks? Han har da rett? Tid for litt brenn bunadane, og feleslakt. På med li...

Origo.no, ei søppeltønne på nettet./ Det finst mange ord for drittslenging og pisspreik. Nokre kallar det ytringsfridom.

Det er interessant å lese sitata frå Origo.no i Firda 13.januar der Arne Hansen, mellom andre, står fram som rasist med grove og usaklege påstandar om muslimar. Arne Hansen: Origo.no er eit offentleg forum. Du bør tenke deg over kva du seier der. No veit eg for all framtid ar Arne Hansen er ein person som er grov i kjeften, rasisistisk og ein type det er litt synd på. For driten han serverte på nett, kom tilfeldigvis i avisa. Lesarbrev i avisa Firda lørdag lørdag 15.januar 2011. Eg siterer: «MUSLIMAR må aldrig få overta noko ex.bedehus i GAULAR!! Då er det bedre å rive det ned til grunnen. Eller i verste fall brenne det ned. MUSLIMAR betyr som oftast problem! Det har en alt for mange bevis på ,her i landet.» Punkt ein. Bedehuset i Gaular, Heimly på Hjelmeland, er solgt. Det er hyggelig at du vil sende muslimane hit til Bygstad, men eg trur dei fleste muslimar i Førde ville oppfatte det som ganske tungvint og lite hensiktsmessig å ha moskeen sin her. Litt av poenget med å ha den i F...

Kulturelite, kva i hulaste er det for noko?

Kulturelite er eit ord som etterkvart har mista sin betydning. Det er eit ord eg ikkje lenger veit kva betyr, om eg nokon gong har visst det. Det peikar på folk i visse posisjonar, som et viss mat og heng på visse plassar i Oslo iført visse antrekk, visstnok. Eg veit at eg kjenner mange av desse folka. Det er omgangsvenner av meg. Men kven er dei? Eg må spørre likevel. Eg er ein sånn kvasibohem sjølv. Eg vanker på dei same stadane som kultureliten, går i same antrekk, et same type mat, er invitert på Aschehougs hagefest, har blogg, eigen spalte og bokavtaler i abonnement, så og sei. Ja, det er meg. Utdanna frå Universitetet i Oslo: mastergrad check. Kontor på Litteraturhuset. Check. Men seriøst da. Er det status å vere med i kultureliten? Begrepet er utvaska, menneska avkledd. Det er ikkje status å ha ein artikkel i Samtiden. Det er litt sånn tja, jasså ja. Du er treg og konform? Skratt. Tøffe damer søker sprekare utfordringar enn artikkel i Samtiden osv. Keep it basic. Samtiden er...

Medier på tomgang: kva er egentlig medias rolle? Å skape eller gjengi virkeligheten.. om norske skribenter på tomgang

Det er ofte underlig å kikke på norske medier og debatt. Aslak Nore er ute og erklærer kulturkrigen for vunnet på same tid som han seier at det er viktig å sjå Norge utanfrå. Det blir parodisk. Eg er freista foreslå at Nore må sjå sin eigen kulturkamp utanfrå. Sjølv om kulturkrigens kamerater debatterer hefig på kvarandres Facebook-sider og klappar kvarandre på skuldra og erklærer kulturkrigen som vunnen over eit par pils ein fredagskveld, betyr ikkje dette nødvendigvis at slaget er vunnet, med mindre det var eit par nye pilskompiser ein ønskte seg, vel å merke. Nores påstand, dersom den er seriøs og ikkje berre eit forsøk på å spikre ei skapt sanning inn i lesarens hovud, fortel oss mykje om tilværelsen in the box, i mediebobla eller kulturkampbobla, om du vil. Der inne er det lite luft. Eg er ingen motstandar av kulturkamp, lat det vere sagt. Det har vore mange interessante stemmer og synspunkt ute, men saken er: kven kjempar ein om og mot og har ein mista perspektivet? Kven er det ...

Trasig navlelo frå Rolness i blabladet i dag

Syns kanskje det er litt trist at vårt lands "intellektuelle" (??), Kjetil Rolness om facebook-högre , ikkje har anna å skrive om enn seg sjölv. Trur dei gutta der bör få eit litt meir nyansert og realistisk syn på seg sjölv. I det store og det heile: kor mange veit kven Jon Hustad er? Spörsmålet er högst relevant. Cut the crap. Utover dette er synspunkta på Facebooks bruksområder gode. Men du skal også ha ganske lite anna å drive med som sit dögnet rundt pålogga Facebook, Rolness;) Du blir også ganske närsynt. .

Arroganse eller ydmykhet i möte med verda?

Ein ting som er veldig digg, med å jobbe som dyrlege, er at eg jobber med folk som er litt ydmyke i sitt möte med verden, ikkje arrogant skråsikre i alle sine saker på grensa til idioti. Det er noko som heiter sunt folkevett, og det må eg sannelig sei eg liker å möte litt av, her ute på bygda. Sett i dette lys framstår den streberske besserwisserbestanden i lille, oksygenfattige Oslo som ein litt komisk parodi. Nokre lever i verden, nokre lever av å skape eit bilde av verden. Er den eine eller andre verden reell?

Ufint av journalisten

Klassekampens redaksjon går i rette med oppslaga om avisa i siste utgåve av Journalisten. Som seg hør og bør. Det er trist at journalistikkens fagblad er nede på dette nivået journalistisk. I kommentarfeltet under saka går journalisten bak saka, atter ein gong hardt i forsvar. Eg er freista til å sei at den einaste som her overreagerer, er Mossin. Koblinga mellom endring i avisas profil og folk som sluttar er openbar å lese ut av artikkelen. Innlegget frå klubben er enkelt og oppklarande. Ein journalist må tåle kritikk for sine saker, og iallefall slik konstruktiv kritikk som dette er når slike hentydningar så openbart kjem til uttrykk i artikkelen. Difor kringkasta også NRK sending der dette vart hevda. Det er altså ei rekke andre enn kk-klubben som har tolka artikkelen dithen. Vi kan forvente oss høgare nivå av Journalistens journalistar. .

Dagens sitat: never check on a good story

Nokon bør skaffe seg eit ligg, litt kjapt, men ikkje med meg. Eg tek ikkje daukjøt. First thought is best thought Av og til kan saker med fordel ties ihjel. Det er ein fordel med samsvar mellom sjølvbilete og sjølvtillit. Vi let det henge i lufta som ei allmenn sanning på veg inn i helga. Og aldri send sjikane på epost. It will get right back at yaa, sugars. (Generell advarsel, har kun fått to sjikanøse eposter i mitt liv). Kiss and love, og god 1.mai. .

Kjøpt og betalt av sentrum?

Det er slåande korleis distrikta tilsynelatande prøver å tilfredstille andres krav til kva dei skal vere: ein turistdestinasjon. Hovedpoenget i denne kronikken er at distriktet satsar på det sentrum vil dei skal vere, heller enn å satse på det som ville gitt utvikling og vekst, kompetanseheving og potensiale for å "overleve som samfunn" på lang sikt. Originalversjonen av denne teksten finn du her . I denne versjonen er det også linkar. Denne bloggposten er ein nedkutta versjon, identisk med kronikken i Firda idag. Eg var nett på Småsamfunnkonferansen i Tromsø. Publikum hadde fått med seg debatten om Sogn og Fjordane. Dei same problemstillingane rir utkantstrøk over det ganske land: folketal og utvikling. Det er ikkje sutring å snakke om dette. Det er realitetsorientering. Dessutan er det nødvendig av fleire årsaker. Eg har vore i Oslos media lenge nok til å vite at distriktsnostalgien og mangel på kunnskap om distrikts-Norge stor. Det er på same tid dei same mediene som skap...