Gå til hovedinnhold

Storsnuten Terje Lyngstad og kjekkasen Viken uttaler seg frekt i media

om Bygda og sånne ting.

Les den sprelske saka hos studentavisa Studvest.

der Lyngstad snakker om bygdedyret, Viken seier at Viken liker betre teater enn bygderevy, og syns at Lyngstad har heilt rett når han snakker om at han ønsker seg eit anna publikum, eller noko, til teateret i fylket Sogn og Fjordane. Firda gir alltid god kritikk til bygderevyane. Fordi det er bra, eller? Og om dei får kritisk omtale klager revyane fordi "det er dugnad og det er da bra i seg sjølv". Er det sant, eller ikkje? Og bør det da omtales, om ein ikkje kan sei det ein meiner om disse tidvis flaue revyane uten å få smekk på flanken? Er lokalmedia støtteapparatet til revyane kanskje? Nei. Annonseplass koster for alle. Og kvifor vart det hissig stemning mot Lyngstad da han snakka om teaterets låge status på bygda? Følte folk seg mobba da og nedpåsett? Skjønar ikkje det. Folk må da tåle litt sanning utan å få mindreverdkompleks? Han har da rett? Tid for litt brenn bunadane, og feleslakt. På med litt ekstra teater.

Det er da galskap at vi alle skal elske bygderevyen, at det ikkje er så jetset med teater her ute, liksom? Er vel sant ja. Har ingen svar på det, nei. Det er jetset med fast jobb og masse peng på bok iallefall. Danseband er da så kjedelige. Og hundre spenn for ein bygderevy? Nei, da kjøper eg heller ein sushi dinner og koster til Berlin for å ete øko og drekke godt øl.

Om ein gjekk ut og kritiserte bygderevyen så var ein vel sprette sprø?

Og eg elsker sushi! Det er nesten betre enn ribbe, men berre nesten! Og må vi like danseband? Nei, who cares. Eg kan ingen dansebandnamn. Danseband er ikkje interessant.

Og bør ein dyrke amatørkultur, eller? Bør ein også tillate seg å dyrke proffkultur? Seff, seff, seff.

Guri mallah, for ein påstand, seier smekk-meg-bak-bygderevysjefen. Men før det går fullstendig av skaftet, siterer vi frå saka her:

Frilansskribent og veterinær Anne Viken meiner det finst to typar bygdesamfunn:
– Du har dei som seier «kom hit, så skal me legge til rette for deg» og så har du dei som seier «du må gjerne kome, men viss det ikkje er godt nok for deg så må du dra din veg», seier ho.
Ulemper og fordeler
Viken trur den sistnemnde typen samfunn er dømd til å gå under, og får støtte frå samfylking Terje Lyngstad. Han er sjef ved Sogn og Fjordane teater og busett i Førde. Når det gjeld det sagnomsuste bygdedyret er han ikkje i tvil om at det kan verke avskrekkande på folk som vurderer å flytte til distrikta. Å vere meir synleg er ikkje alltid berre bra om ein skil seg ut på «feil» måte, ifølge teatersjefen.

Lyngstad og Viken er sprette galne kulturfolk. Fytti hampen koke meg ein revysjef til kvelds for nokre spretne folk dette er.

Så klin til og les saka sjølv. Knut Olav Åmås er også intervjua. Link meg her og link meg der.


.

Populære innlegg fra denne bloggen

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Med døden på jobb. Farlege dyresjukdommar, dramatiske følger.

  I følge FN er 75 prosent av patogenene (virus, bakterier, sopp) som har dukka opp siste tiåret, zoonosar, altså sjukdomar som smittar mellom dyr og menneske. Eg havna som veterinær høsten 2011 oppi det størte miltbrannsutbrotet i Sverige etter andre verdskrig. Miltbrann, eller Anthrax, er ein zoonose, det vil sei ein sjukdom som smittar frå dyr til menneske. Eg trakk på meg verneutstyr og masker, og gjekk inn mellom stinkande kadaver for å leite etter ukoagulert blod og mangel på likstivheit, to av kjenneteikna ved miltbrannsdaude dyr. Aguer og tarm er hakka ut av ravnar, det renn blod. I blodet kan det finnast dødelege sporar. Eg kan sjølv bli sjuk. Det er uhyggelig og kan faktisk vere livsfarleg.  Les om miltbrann i Norge. Under ein sermoni i Roma erklærte FN Rinderpest, eller kvegpest, som offisielt utrydda.   Kvegpest spreidde seg med kveg som vart frakta med militæret og via handel med levande dyr. Den industrielle revolusjonen med oppfinninga a...

My Fair Lady goes heidundrande bygdesatire

Tirsdag 26.februar såg eg prøveforestillinga på My Fair Lady goes Sogn og Fjordane ved SoF teater i Førde. Framfor ein ganske full sal, køyrde teateret eit heidundrande show frå start til slutt. Det starta ganske irriterande med at sjølvrettferdige bygdefolk lot seg provosere av Lise frå Frogner som kom til Framdalen etter at far hennar hadde gått konkurs. I Framdalen møtte ho dei klassiske haldingane som ein møter når ein kjem til enkelte grender som innflyttar. Her i bygda har vi det vi brukar å ha, og spør du etter noko anna, så er du galen. Spør du etter ein avansert vin? Nei du, her har vi kvitvin på kartong! Sånn omtrent. Her gjer vi slik, og om du meiner noko anna, så har du å tilpasse deg. Det var svært treffande. Faren og Lise ved Lises ankomst. Foto Olav Reiakvam Far til Lise mellom bonden og Lommeheim på kroa. Foto: Olav Reiakvam Lise på si side meinte Framdalen var ein regnfylt stad med lite å sjå på, samt tusenvis av mil til folk. Hard overgang ...