Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra mai 6, 2011

BIff frå Uganda til Europa viste seg å vere eit vanskelig prosjekt

Biff frå Uganda til Europa stod på planen. Eg drog ned for å undersøke kva utfordringar Nortura møtte på vegen mot kjøt med eksportstandard. Norads konsulentar bomma med fleire tiår i si berekning av tidsrammer for prosjektet: kjøt skulle til Europa i løpet av fem år. No er det ikkje realistisk i overskueleg framtid.   Det er ikkje "vond vilje" og "nei til handel" som gjer at vi ikkje importerer kjøt frå Uganda slik mange trur, men dei ekstremt strenge hygienekrava som vert stilt på den europeiske marknaden. Desse krava greier ikkje Uganda innfri. Eksempelvis vil vi ikkje ha kjøt med munn- og klauvsjuke. I Uganda: Anne Viken (tekst og foto), trykt i Nationen 30.april 2011. Top Cut slakteri i Kampala, Uganda, er tomt. Berre eit par menn søv på golvet. På ein bjelke under taket ligg ei notisblokk med oversikta over dagens slakt. Under slaktinga som startar klokka tre om morgonen ligg levande og døande dyr, tarmar og horn på golvet i kramper og bl