Korleis unngå debatt? Påstå at ein er utsett for personangrep? Og kor hårsår skal ein vere i det offentlige rom?
Av og til lurer eg på kor grensa går for kva slags spørsmål og påstander en skal tåle/ ikkje tåle å bli møtt med, og kor hårsår ein kan tillate seg å vere når ein skriver offentlig/ har ein blogg? Når skal ein påstå at folk trakker over grensa for kva du gidder forholde deg til av innspel? Dette er ei stadig aktuell problemstilling for meg som for andre. På tide å komme til poenget: Svar på spørsmålet i tittel er: Du kan ikkje vere veldig hårsår. Med mindre du ikkje har tenkt å stay on stage. Reality bites, har eg hørt. Det vil eg tru. På samme tid: virkeligheten er ein plass du kan velge å forholde deg til, eller ikkje. Og da må ein også velge seg ein strategi: vinn eller forsvinn? Om ein har fått såre tær i offentligheten, er det "lett å slippe unna", trekke seg tilbake, move ut av scena, velge sine arenaer, sine kamper, kva ein gidd osv. Kva arena skal ein gidde debattere på? Eksempel er ansikt til ansikt, på mail, eller i avisa eller på radio dei gongane det er aktuelt. E...