Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg med etiketten sogn og fjordane

Opera som motmakt: Vestlandets rolle aktualisert

To hundre år etter Guiseppe Verdis død, vert LaTraviata nytolka innanfor rammene av norske motkulturelle rørsler.  Sjå innslag om operaen på Dagsrevyen 20.august. Fotosession med Hulda som Violetta, iført bunaden til Anne Viken Opera er ein av dei minst sette og mest elitistiske kunstformene i verda, og muligens også den dyraste. Dette sa programleiar Sarah Montague i samtale med operasongar Thomas Hampson i BBC hardtalk 30.juli i år. Eg skulle ha likt å sett Montague på besøk på Åmot Operagard i Bygstad der operaoppsettinga i slutten av august problematiserer dei historisk distriktsbaserte motrørslenes kamp mot klassesamfunn, liberale og urbane verdiar. På denne måten kan opera ta del i samtidsdebatten.     Sunnfjordbunader akkompagnert av fôrhøstarar frå Taarup med beitande islandshestar bak gjerdet. På låven brakar indremisjonspredikantar saman med lokal bondekultur og overklasseluksus i årets nytolking av La Traviata av Guiseppe Verd...

Anne Viken taler 17.mai 2013 i Bygstad

Gratulerer med dagen og takk for invitasjonen! Det er ei ære. Det er flott å tale her i Bygstad, under Storehestens massive veggar. Du kan lese heile talen i denne bloggposten, eller sjå den på videoen under. Videoen tar 20 minutt . Anne Viken taler 17.mai 2013 i Bygstad from anne viken on Vimeo .   Når vi ser rundt oss, er det ikkje så grønt som vi skulle ønska det var i mai, men sjølv om bøane ligg gule og brune etter ein kald vinter finst der liv innimellom. Når ein ser utover bøane vil vi finne eit og anna grønt strå. Det er nesten som å sjå Sogn og Fjordane frå lufta. Ein ser for det meste natur, fjell og fjordar, men ser ein nøye etter oppdagar ein folka som bur her, langt inne mellom fjordar og under bratte fjellveggar. Her har vi klamra oss fast i uminnelege tider. På Kleppe, foto John Ole Kleppe Heilt frå steinalderen, då kysten var skogkledd og folk budde i steinholer, gjennom tida som del av Holmedal prestegjeld, seinare Indre Holmedal, til vi i...

Plastskrot på havet drep sjøfugl

Kvart år vert det plukka mange titals tonn søppel frå viker og bukter på Værlandet. Søpla kjem frå privatpersonar, oljeindustri og fiskeri. Du finn alt frå plastposar til støvlar og flasker. Sjøfugl som et plast går ein pinefull død i møte. På bileta brenn vi drivved og materiale, pallar og plankar. Nokre fulle i spiker som dei beitande villsauene eller folk kan trakke på. Moralen er: hiv ikkje søpla di på havet. Det ser stygt ut og gjer stor skade på fugle- og dyreliv