25. jan. 2012

Veterinærar i samfunnsdebatten - innlegg frå debatten De tause veterinærane

Å delta i samfunnsdebatten krev som Marie Modal, (president i Veterinærforeningen) nevner at ein er villig til å problemorientere og spissformlere seg og peike på konflikter. Det krev at ein skriv noko som er interessant på ein måte som er leselig. Ingen av oss hadde gidda lese ei bok utan hendingar.

Debattomtalen.


Vil synliggjøre veterinærene: sak om debatten i Nationen.


Det er problemstillingar som gjer noko interessant.

Ein kan ikkje klage på at Aftenposten ikkje trykker ein reint informativ artikkel som ikkje diskuterer, ikkje tar stilling og ikkje problematiserer. Ein slik artikkel høyrer ikkje heime i Aftenposten. Den er uinteressant.

Skal ein delta i debatt, må ein våge å ta stilling.

Tittelen på kveldens debatt er dei tause veterinærane.
Men veterinærar finst i media.

Norges mest kjende veterinær, Trude Mostuen, meiner ingen bør få unger uten å ta minst to tre års perm per unge. Mostue er i underhaldningsbransjen, dansar på tv og vekker latterbrøl hos kultureliten.

Mostue er slik som media liker å framstille oss. Uten forstand på politikk og veldig glade i dyr. Dette er den stereotypiske fortellinga media har skapt av oss.

Så ja, veterinærane finst der ute.

Og har nokre underlige kvinnesyn.

Veterinærar og dyr er lettvint underhaldning.

Dette er Trude Mostue eit godt eksempel på, samt tv-serien om veterinærstudentar. Det krev ingenting av mediekonsumenten og vi krev ingenting av dei. I desse settingane flyt vi på mytene og tilbyr lite nytt.

Undehaldningsarenaen bidrar til å styrke det bildet som alt finst av oss i offentlig rom: som snille med dyr. Ein tek tak i ei historie som folk alt kjenner: dyrlegen som fiksar katten, og så bygger ein vidare på denne.

Dette er kjent, og det som er kjent vil vi høyre meir om. Det gir klikk på nettavisene og antal klikk gir reklameinntekter for mediene. Det er grei mediapsykologi. Trude Mostue er ein klikkgenerator.

Eg har møtt ei mengde fordommar mot veterinærar i media.

Folk veit ikkje kva vi kan. Naturvitenskap er lågt verdsatt i media samanlikna med kompetanse på politikk og litteratur. Naturvitarar er ein lågare kaste.

Då eg begynte som journalist i Universitas, fekk eg høyre av ein kollega: veterinærar deltar da aldri i samfunnsdebatt. Det er da ikkje noko poeng for deg å vere journalist.»

Her om dagen fekk eg ein kommentar på min blogg: «Veterinærar er like synlege i offentligheten som pasientane sine».

Dette er ein ganske treffande kommentarar for korleis folk ser på oss.

På veterinærhøgskkulen var det vanleg med kommentarar av typen «Kvifor er du journalist når du er veterinær?»

Folk såg ingen kopling mellom veterinærmedisin og media.

Og på røykerommet klaga professorane seg over dei uengasjerte studentane som berre var opptatt av hundane sine.

Det er forjævlig. Sitat slutt.

Kontrasten mellom studentengasjementet på Blindern og NVH var enorm.

--

Men då Marie her skreiv om Trude Mostue sine mediautspel på leiarplass i veterinærtidsskriftet før jul, skreiv ho at alle veterinærar kan gjere som dei vil. Det var konklusjonen. Da forstod eg litt meir av kvifor veterinærforeningen har trøbbel med å kome på trykk.

Vågar ein ikkje ta stilling, har ein lite i den offentlige debatten å gjere. Det hjelp ikkje å påstå at veterinærar ikkje vil krangle. Det er ein lang veg frå å ta stilling til å krangle.

Det er ingen tvil om at veterinærane trengs i offentleg debatt. Vi sit på svært mykje kompetanse som er usynleg for folk. Vi kjenner til problemstillingar som folk ikkje ein gong veit at eksisterer.

Ikkje minst i møte med forbrukarane kan vi spele ei rolle. Gjennom å tilføre forbrukarane kompetanse kan vi ha innflytelse og påvirkningskraft.

Det er stor avstand mellom landbruk og forbrukar. Folk flest kan svært lite om matproduksjon.

Kva skal dei kjøpe? Øko kylling eller konvensjonell?
Skal dei ete sau eller kalkun?
Er nøkkelholet bra, med tanke på dyrehaldet i fjørfenæringa?

Forbrukarane må ha kompetanse for å ta gode valg. Dei har krav på å få vite kva dei et, og det får dei per dags dato ikkje. Nortura og Tines reklamekampanjer tilbyr for eksempel klisjear, ikkje fakta.

Er norske veterinærars rolle å passivt hegne opp om mytene, eller skal vi bidra til konstruktiv kunnskap til offentligheten?

Kven sitt ærend skal vi gå? Næringane eller dyras?

Ein del av mine kollegaer fryktar journalistar. Eg har opplevd å bli mistenkeliggjort av kollegaer ute i felt. Men det har dei ingen grunn til. For ein journalist er kildevern like basic som at ein ikkje publiserer journalar på Facebook.

Eg skal sei litt om korleis eg skriv.

Eg er opptatt av å bli lest og av å gjere inntrykk på den som les. Eg er tabloid, tilgjengelig og skriv enkelt.

Eg bygger artiklane pedagogisk og bygger dei opp rundt ei konflikt. Eg er ikkje redd for å vere personleg og ikkje redd for å appellere til følelsar, for å spisse eller problematisere.

For det er som sagt stor avstand mellom forbrukarar og landbruk. Det ein veit lite om, er vanskeleg å lese om. Difor må det skrivast slik at dei skjønar kva som står der, og slik at dei føler at det angår dei.

Kvifor ellers skal dei lese det? Folk les ikkje for å vere greie med deg.

Skal du skrive om landbruk i VG nyttar det ikkje å sende inn ein artikkel om mastitt på ku og konkludere med at det er synd på kua.

Eg skal ta nokre pene eksempel fra eigne artiklar

og før eg les opp, skal eg påpeike ein viktig ting. Det er aldri blitt påvist faktafeil i mine artiklar, med trykk på aldri...

Første eksempel:
Tittel: Det er greit at vi halal-slaktar i Norge. (Interessevekker) artikkel i Dagsavisen. Tittel som fekk mange til å tenke, shit, gal dame som vil halshogge kyr.

med denne tittelen solgte eg inn denne saken: halalslakt i Norge er akkurat som anna slakting. Einaste skilnaden er at ein ved halalslakt ber ei bøn.

Rein folkeopplysning ikledd ein festlig tittel, men uten festlig tittel, ingen lesarar.

Neste eksempel er ein kronikk frå Bergens Tidende:

Tittel: Søppelkalkun.

Ingress: Når ein veit korleis produksjonen går føre seg, er det vanskeleg å forstå korleis kalkun kan kallast festmat.

Kronikken handla om dyrevelferd i kalkunproduksjon.

Så kan forbrukern tenke sjølv.

Nortura vart skikkelig forbanna, men greidde ikkje påvise ein faktafeil i artikkelen. Dei forsøkte få meg til å framstå som dum. Backfire.


Ein annan tittel er denne: Frå beite til bur. Frå Aftenposten.

Problematikken her går på at norske dyr ikkje lenger går på beite. Dei står i bur og hallar. Vi produserer meir og meir kylling, kalkun og gris. Vi går over frå grasbasert til kraftforbasert produksjon.

Simple facts for ein veterinær. Ukjent for forbrukarane.

Men denne kunnskapen er viktig for forbrukarane å ha når dei står i butikken og skal handle mat. Denne kunnskapen er også viktig å ha når forbrukarne skal stemme ved valg, når dei skal bestemme seg for om dei skal kjøpe norsk eller import. Er Norge betre enn andre land på dyrevelferd eller er det ein bløff? Folk blir stadig meir kritiske.

Og forbrukarane lyttar og les. Det haglar inn med tilbakemeldingar, pakkar i posten, mails, trugsmål, middagsinvitasjonar og telefonar. Ein mottar også meldingar av typen:

Store problem har du vesle jente.

Eller denne varianten:

huttetu, du er gal, søk hjelp.

Ein snill versjon er denne: Du er støgg og tom i pappen.

Eller: får du psykologhjelp på fylkeskommunens budsjett?

Svaret på det siste spørsmålet er altså nei.

BØNDENES SAK:

Eit anna argument eg har fått høyre er at veterinærane skal tale bøndenes sak.

Eg er ingen bondens talsmann på andre måtar enn at eg meiner bønder må tjene betre. Betre lønn for bonden gir betre velferd for dyra.

Vi må integrere politikk i veterinærmedisinske perspektiv. Vår jobb er ikkje å oppretthalde norsk landbruk, men å oppretthalde eit norsk landbruk i verdsklasse.

Igjen kan vi spørre oss: kven er det vi snakkar på vegne av?

Og Kvifor får veterinærforeningen så masse pes for å sei nei til pelsdyr?

Kvifor får eg så masse kred for å påpeike at Tine bløffer i sine reklamefilmer når dei seier alle norske kyr går på beite? Og er det greit at Tine bløffer forbrukarane?

Og kven skal sei frå når ingen veit at det er ein bløff?

Vi har inga plikt til å delta i det offentlige ordskiftet. Men vi har ein rett. Skal vi kome til orde, må vi våge å ta stilling. Om vi ikkje vågar det, kan vi halde oss til å klappe kattar i Trude Mostue-stil og delta i Veterinærdrømmeprogram.

Min konklusjon er at det er stor interesse for vår kompetanse i det offentlige rom. Og det er stort behov.


17. jan. 2012

Pelsdyr som pynt på jakkekrager og ermekantar, ikkje som varme klede.

Etikk på dynga. Les kronikk i dagens Dagsavisen.

Pelsdyr er eit oppgjer med etikk, ikkje eit oppgjer mellom by og land. Dette er ein riktig påstand. Motstanden mot pels er like stor blant folk på bygda, samt blant mange bønder, som den er i byane.

15. jan. 2012

Faktafeil om eggproduksjon frå Matprat

Matprat påstår at levetid for høner er 70 veker. Dette er ein faktafeil.


Deretter blir dei slakta og solgt som høns, skriv matprat. Dette er også ein faktafeil. Dei fleste høner blir gass 



ihjel og etterpå brent. 


Fakta er at verpehøner i industrielt verpehønshald blir slakta etter 70 veker. I naturen, eller om dei får sjansen, kan høner leve i opp mot ti år. Levetida er altså ganske mykje lenger enn matprats påståtte 70 veker.

Slik Matprat framstiller det, kan det oppfattes som at høner blir slakta når deira levetid likevel er slutt. Dette er altså feil. Dei blir slakta lenge, lenge før.

Verpehøner i industrielt fjørfehald har fått rugeeigenskapane sine bortavla. Dei kan altså ikkje formeire seg naturleg. Dei må rugast ut i rugemaskin.

Høner i naturen ville lagt to tre fire kull med kyllingar per år, med rundt ti kyllingar i kvart. Det er ikkje naturleg for ei høne å verpe kvar dag, men gjennom avl har ein fått fram høner som verp seks egg i veka, og ein avlar stadig for å auke effektiviteten. Den høge produksjonen fører til at hønene lever kortare liv enn kva som er naturleg, men også industrihøner kan leve i mange år om dei får sjansen. Opp mot ti år.

Kvifor Matprat på denne måte ønsker å desinformere forbrukar, er ukjent, men det handlar vel som ofte ellers om å forsøke å bygge ei positiv merkevare. 

Det er også nokre som prøver å fortelle oss at det no er forbode mot bur i verpehønsproduksjon. Dette er også ein faktafeil. Høner står framleis i bur, men i innreidde bur. Om du vil lese korleis desse ser ut, kan du lese forskrift om hald av høns og kalkun, paragraf 29. 

Så kva skal du ete?

Anbefalinga er å ete økologiske egg. Økohøner går ute ein tredel av livet og har mykje betre plass enn konvensjonelle. Les meir her. Økologisk slaktekylling lever også i minst 81 dagar mot ein månad for konvensjonelle kyllingar og har langt betre plass.

13. jan. 2012

Kyr over hovudet



"God dyrevelferd er et mål i seg selv, og er et gode for samfunnet og konkurransefortrinn for norsk landbruk," kan vi lese i einpresentasjon av landbruksmeldinga hos Landbruks og matdepartementet.

Norge er verdsmeiser i dyrehald, ifølge oss sjølv. Dyrevelferden er vårt konkurransefortrinn. Ei lang rekke andre land påstår nett det same. Blant andre Sverige. Men sjølv verdsmeistrar har sine problem, blant anna er skalaen på melkebruka på veg oppover.

I sjølvutnemd verdsmeister Sverige er beitekravet sonedelt. Fire månader i sør, tre i mellom-Sverige og to i nord.

Men alt er ikkje rosenraudt sjølv om verdsmeister Sverige slår verdsmeister Norge ned i støvlane (vi har ut året null beitekrav for kyr i lausdrift). I verdsmeisterlandet Sverige motarbeider organisasjonen Sveriges Mjölkbönder det svenske beitekravet. 
 
Per Andersson, ordförande i interesseforeningen, argumenterer med at melkekyr har det best inne. (Sveriges Radio Ekot (9.juni 2009) Mjölkbönderkritiska mot beteskrav).
Har du ikkje for mange kyr for arealet ditt, spør journalisten då.
Andersson har 160 kyr og held til i Sörmland der det krav om tre månaders beitetid.
Jo, svarar Andersson. 
 
Han meiner det blir så skite når mange kyr må dele lite areal. Det er aralet som er for lite, ikkje kyrne som er for mange, ifølge Andersson.

Garden sin skala er ikkje tilpassa geografien. Difor vil han ha dei inne.Misforhaldet mellom skala og geografi hos mange bønder går altså utover dyrevelferden. Antalet kyr stig og er mange stader i ferd med å sprenge gardanes beitetilgang.

Lat oss så gå over til verdsmeister Norge.

Dei same protestane mot beitekrava vil vi nok også få sjå i Norge når åtte vekers beitekrav for alle kyr trer i kraft neste år. Per idag står trass alt rundt tretti prosent av alle norske lausdriftskyr inne året rundt. Det vil forundre meg om alle desse slepp ut utan protestar. Mange fryktar også at stadig større gardar vil føre til beiterelaterte problem.

Pånationen.no klagar ein i kommentarfelta på at «det er umogeleg å ha femti - seksti kyr ute med dei arealforholda som er på Vestlandet». Garden sin skala/ antal kyr/ beliggenhet er altså ikkje tilpassa geografien.

Vi er ikkje Skåne, seier nordmennene når ein viftar med syd-Sveriges fire månaders beitekrav.
Nei, og Norrbotten er ikke Jæren. Norrbotten len med Kiruna har to månaders krav, Jæren og Sørlandets lausdrifter null. 
 
Greit, vi er ikkje Skåne, men Jæren ligg på breiddegrad med Ørebro. I Ørebro er det tre månader beitekrav. På ein av mine største gardar i Sverige har dei 700 kyr, 2000 dyr totalt. Desse kyrne går ute tre månader i året.

Dei som driv garden klagar aldri over beitekrava sjølv om kravet set store krav til areal. Årsak: skala og geografi passar ihop. Garden er stor nok til å tilby 700 kyr pluss ungdyr beitemarker.
Difor er ikkje beitekravet eit problem. Eventuelt meiner desse unge bøndene at kyr skal gå ute. Haldningar hjelp på.

Med mindre lovar og reglar som fremmar kyrs velferd skal bli sett på som hinder for vekst, eller eit stort praktisk problem, må gardane, inkludert beitetilgang, vere tilpassa geografien. Det skal ikkje lenger vere ei løysing å halde kyr inne heile året. Iallefall ikkje om vi vil vere verdsmeistrar i dyrevelferd.
Skala tilpassa geografiske forhold heng i hop med dyrevelferd. Dette må ein ta høgde for i landbruksmeldinga. Neste år trer åtte vekers beitekrav i kraft for alle kyr.

Trykt i Nationens Dagens gjest-spalte, 13.januar 2012.

Anne Viken, veterinær

12. jan. 2012

Den store imagestrabasen - min artikkel om distriktsmarkedsføring frå Syn og Segn

Marknadsføringa av Sogn og Fjordane er i ferd med å gå frå politisk basert motkultur til kommersiell og motstandslaust medkultur. 

Av Anne Viken


Setting: Datoen er 17.februar og klokka har nett passert seks. Staden er Fabrikkhallen, eit steinkast frå hippe retrosjappene på øvre Grünerløkka og Birkelunden i Oslo. Lokalet er fullt av unge lovande som strøymer frå stand til stand med velkomstdrinkar i hendene og spekekjøt mellom tennene. Forventningar om kva fjordfylket kan tilby oss svirrar mellom øyra. Vi er på næringslivsmessa til Sogn og Fjordane.
“Framtidsfylket”1 har sendt rundt seksti representantar over fjellet for å overtale oss til å trekke i skibuksene, pakke snøbrettet og bli entrepenørar iVestlandetets fråflyttingsfylke nummer ein.
Næringslivsstanden er kledd opp i flattbrød og fingermat frå havet. Året er 2009. Metoden er populisme.



Bæ bæ store ulv
Klokka seks syng studentkoret Lerken frå Universitetet for Miljø- og biovitenskap (UMB) om sild for fred for alle dei oppmøtte. Vi sit veloppdragent tett i tett og høyrer dei kostymekledde skvaldre i veg. «Bæ bæ, store ulv», syng koret, og eg dultar til sidemann og spør: «Var det dette næringslivsmessa kom til Oslo for å presentere for oss som agn for å kome heim til fjordfylket? Eit kor som syng om bæ bæ og ulv?» Innslaget er nostalgisk, tilbakeskodande (eg tippar at ein av arrangørane sjølv har sunge i dette koret og tenkte det var ein god ide å trekke det inn til Oslo), og i likheit med næringslivet, er koret utkledd.
Lat oss ta eit lite tilbakeblikk. For to år sidan skreiv eg «Brenn bunadane, slakt fjordingane»,1 og eg kunne ha skrive det same idag. Problemstillinga er like flammande aktuell som i 2007. Eg skriv på notatblokka mi: «Brenn bunadane! No også: slakt studentkoret!»



Bunadsbrenning
Etter at mitt lesarbrev «Imageproblemet Sogn og Fjordane» stod på trykk i Firda 26.februar 2007 gjekk debatten om fylkets image heit i fleire månader. Sidan den gong har Sogn og Fjordane hatt næringslivsmesser i Norges tre største byar kvart år, gitt ut eit reklamebilag for seg sjølv i Aftenposten 27.januar 2009, og Førde har fått tenketanken Førde Framover, for å nevne noko.

Den skandaleomsuste Vest Tank-ramma Gulen kommune har tatt omdømebygging inn i fireårsplanen sin. Eg seier ikkje at dette har noko med bunadsbrenning å gjere. Eg berre seier at det har skjedd. Det er bra, og fordi det er bra, er eg på den fjordomsuste næringslivsmessa denne kalde tirsdagskvelden.
Og spørsmålet som kretsar rundt i hovudet mitt er dette: kva vil Sogn og Fjordane vere?

Imagebygging er vanskelige greier. Dette har Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) skjønt. No tilbyr dei omdømeskule for norske kommunar som slit med omdømet. , og for å gi oss litt bakteppe for kva KRD legg i omdømebygging, les egI introduksjonen til «Hvordan lykkes med omdømmebygging i norske kommuner?» av Børre Berglund, som kan lastast ned frå departementet si heimeside, .
Her står det at omdømearbeid er eit identitetsprosjekt der kommunane må finne seg sjølv. Etter at ein har funne seg sjølv, kan ein så gå ut og fortelle kven ein er2..

Dette er typisk slikt stoff som ein får servert av ein innleid konsulent på pep talk - seminar med jobben. Lett underhaldning linka til friluftsliv og avslapping. Og ganske riktig. Googler du Børre Berglund får du treff på “Børre Berglund reiselivsrådgiving”.3 Kanskje ikkje så rart at norske utkantar marknadsfører seg i møte med tilflyttarar som om dei var turistar?

Blant dei andre oppdragsgiverane til Berglund finn ein ikkje overraskande reiselivs- og næringslivsaktøren Innovasjon Norge4. Innovasjon Norge er også godt presentert på næringslivsmessa med kurs og sceneshow av stipendfinaniserte entrepenørar som lokkemiddel. Sjølvsagt køyrer desse unge, nyutdanna sivilingeniørane og entrepenørane snøbrett, surfebrett og ski,25 og blir presentert under overskrifta “Fekk jobb og puddersnø på eitt brett6 under eit bilete av ein snøbrettrampe under blå himmel i Aftenposten-bilaget om Sogn og Fjordane.

Det nye Sogn og Fjordane er i ferd med å tre fram frå puddersnøen, og kanskje er det ikkje så overraskande at det er slik det blir når vi veit at omdømestrategien for nasjonen Norge er “Norge - nyskapende, i samspill med naturen7: Mer enn noe annet land er Norge og nordmenn formet av samspillet med naturen, og videre: Merkevaren Norge og markedenes ønsker og behov er samtidig viktige rettesnorer for innovasjon og utvikling i reiselivsnæringene. [..] Friskhet og sterke opplevelser i vakker og ren natur er essensen i Norges merkevare.8

Dette framstår som eit paradoks om ein overfører det til marknadsføringa av Sogn og Fjordane all den tid Omdømeskolen sitt kompendium legg vekt på at ein må framstå med ein tydelig, relevant og attraktiv identitet om ein vil styrke omdøme. Få identitetsmarkørar er vel mindre tydelige som puddersnø og snøbrett. Alle dei tusenvis av turistdestinasjonar med respekt for seg sjølv tilbyr surfing på snø og/ eller vatn, og eg kjem i hug uttrykket “berre daud fisk følger straumen”.


Målet er auka konkurransekraft
Dette handlar med andre ord ikkje om å framstå som unik, men om å framstå som sexy for konsumenten, eller tilflyttaren. Skal ein tru kompendiet handlar det i tillegg om å skape eit positivt sjølvbilde blant lokalbefolkningen, for å bidra til å, punkt ein, auke næringslivets konkurransekraft, auke attraktiviteten for området som bustad, samt styrke konkurranseevna i forhold til ny og etablert arbeidskraft. Dette vil i sin tur skape auka lønsemd, auka marknadsverdi og stigande resultat samt suksess, tiltrekke seg og behalde arbeidskraft, stryke konkurransekrafta, og få fram dei spesielle verdiane og godene som eit landlig liv på landet tilbyr9.

Auka konkurranseevne er med andre ord målet. Dette handlar ikkje om å vere unik, men om å overleve. Marknadsføringa av distrikta handlar ikkje lenger om motkultur og det unike, men om kommersialisering av naturressursar og bustadar.
Og der kjem omdømet inn som svært viktig, skal vi tru Nordlandsforskning: «Folk vil helst ikke assosieres med steder som blir stigmatisert på ulike måter. [...] Kategorisering og beskrivelse av kommuner og områder med folketalsnedgang og andre typer nedgang, bidrar til negativ selvforståelse»10.

Og som Nordlandsforskning peikar på, blir sentraliseringa forstått som eit resultat av at mange buset seg og bur på staddar der dei eigentleg ikkje ønskjer å bu (i byen). By og bygd, det rurale versus det urbane, er motsetningane som gjeld, og i konkurranse med den hippe byen får bygda bruk for eit imageløft. Og sidan eit sentralt mål for norsk distriktspolitikk er at folk skal kunne ha reell fridom til å velge sjølv kvar dei vil busette seg, og folk ikkje ønsker å bu på kjipe plassar med dårlig rykte, må imaget endrast slik at vi alle kan bu på stader med godt omdøme. Eit godt omdøme er i tråd med KRD og Innovasjon Norge eit kommersielt omsettelig image.


Klisjear frå bygda.

Mine imagebyggande tankesprang blir avbrote av at administrerande bankdirektør i Sparebanken Sogn og Fjordane, Arvid Andenæs (55) entrar scena på næringslivsmessa denne tirsdagskvelden i februar.
«Det er trangt i Sogn og Fjordane», seier Andenæs og viser eit bilete av ein trang fjord blotta for nyansar. Fjorden er kvit, fjella svarte. Smale vegar, bratte fjell, fine gardar, fjonge sauer og steikt aure på bålet for menn og shopping for kvinner», seier Andenæs, eller meir presist: «Vi har Noregs dårlegaste veg. Vi kan gjere den til ein turistattraksjon». Han spelar på fordommane våre, og prøver å snu dei til sin fordel.
«Vi er inne i det viktigaste tiåret i distrikts-Noreg si historie. Distrikta vil ikkje bli like hardt ramma av finanskrisa som byane,» seier han og trekk opp den klassiske politiske skillelinja mellom dei to ytterpunkta «by» og «land», dei versus oss, og denne gongen vinn «land».

I fortellinga til Andenæs, ligg denne enkle modellen til grunn: bygdelivet er idyllisk, sjølve legelimggjeringa av «trygt og godt» der sentrale norske verdiar er ro og fred og nærleik til naturen11. Vi kan berre svakt ane at der finst noko anna enn bygda, og at dette «anna» ikkje har Finden gard og energiproduksjon frå metangass på kvart kvartalshjørne. Dette «andre» er alt det som Sogn og Fjordane ikkje er. Mesteparten av marknadsføringa av distrikta går ut på å fortelle oss at bygda er noko anna enn byen, med vekt på det som er betre. Det ser ut til at bygdas eksistens avheng av at ein opprettheld denne skillelinja.


Konservativ bodskap frå bygda
Bankdirektør Andenæs spelar på dei folkelege fortellingane om fylket, på klisjear og fordommar, men han gjer det om til ei form for humor og får tydeleg fram biletet av eit fylke som er perfekt for deg som vil køyre ski dagen lang, bu utan veg, eller jage sauer kvar einaste kveld. Reine raddisidyllen med andre ord, men det Andenæ seier, er langt frå radikalt.

Bodskapen er konservativ, og den som konserverar fornyar ikkje. Den kler ut næringslivet i gamle klisjar om fisk, legg ein smal veg rundt halsen deira, dyppar dei i ein fjord og sender dei til Oslo for å sanke gullsnippar3, eller høgt utdanna, kresne akademikarar.
Andenæs grip i talen sin tak i det enkle og nærliggande: slagord og symbol. Hans spel på røter og tradisjon er typisk for Burkeiansk konservatisme. Den britiske 1700-tallsfilosofen Edmund Burke som hytta med neven mot den franske revolusjonen og slo fast at det vi har er best, fordi det alltid har vore slik, historia er vår rettesnor og fordommar er nedarva kunnskap bygd på erfaring.

Distriktspopulisme: symbol og slagord
Alt snakket om natur, fjell, tronge vegar, naturparadis og sauer er populisme, det er lett snakk til folket. Denne typen konservativ populisme spelar nettopp på dikotomien sentrum-periferi. Dette minnar om det statsvitar Anders Ravik Jupskås (2008)12 har definert som ”distriktspopulisme”. Distriktspopulismen står i motsetning til i motsetning til den nyliberale versjonen av populismen som spelar på stat-arbeiderstakar (Frp). «Populisme kjem av det latinske ordet populus som betyr folk. Dette innebærer at populisme fremfor alt er en appell til folket13 [...] Dette fører til at ein heller enn informasjon, får servert ein bodskap redusert til «slagord og symboler og en systematisk nedvurdering av velgernes evne til å følge kompliserte resonnementer»14. Dette kan overførast til marknadsføring.

Distriktspopulismen kan knyttast til Ottar Brox og hans innføring av begrepet på slutten av 1960-talet15. Det politiske språket skulle vere slik at dei flest kunne forstå, og det skulle beskrive ein røyndom dei fleste kan kjenne seg att i (Time 1972: 9), og vidare: Distriktspopulismes argument for at ein må ta utgangspunkt på det lokale planet for å skape ei veksande samfunnsmessig mot-makt til det som truar verdiane og rettane til folk flest (Time 1972: 17)16.



Mot alle trendar
Distriktspopulismens betydning og framtoning, i form av å markere avstand til sentrale strøk, er eit særnorsk fenomen. Ein finn det ikkje att i like stor grad ellers i Europa, kanskje på grunn av det norske busetningsmønsteret som på mange måtar skil seg frå andre delar av vår verdsdel sjølv om urbaniseringstendensane viser at vi nærmar oss eit europeisk busetingsmønster som skal mykje til å snu, skal vi tru Kjetil Sørlie, forskar ved Norsk institutt for by- og regionsforskning17. Folk bur i stadig større grad i urbane strøk, og ein stadig mindre del av flyttestraumen går frå bygd til by. Straumen går for det meste mellom byar. Årsaka er at stadig færre bur ruralt.
Slik sett kan ein sei at dei som arbeider for å få fleire folk til å flytte til bygda, arbeider mot alle trendar. Det skal mykje til å snu flyttestraumane mot bygda. Er det difor ein legg seg på ein sjølvutslettande strategi der det mainstream og kommersielt omsettelege står i fokus?

Den interessante vendinga vi no skal sjå nærmare på, er at gamle mot-makt og motekspertise blir tatt i bruk for å marknadsføre distrikta som ein bustad for eliten. Det som før var noko mange skamma seg over, det rurale, har blitt trendsymbol, og no snakkar eg ikkje om bunaden. Eg snakkar om natur og friluftsliv, det opprinnelige og ikkje urbane.

Motekspertisen ved høgskulen i Sogndal
Lat oss ta eit lite tilbakeblikk på korleis dette før har arta seg via prakboka «Frå skuletun til campus – Soga om Høgskulen i Sogn og Fjordane» skriven av historikar Gunnar Yttri. Den gir eit interessant perspektiv på korleis motstraumsfylket Sogn og Fjordane i mange tiår har kjempa mot alt som heiter sentraliseringstendensar og fornying.

I 1965 låg Sogn og Fjordane i det nasjonale botnsjiktet i antall avlagde artium, og i 1970 omtala historikaren Johs. B. Thue Sogn og Fjordane som eit «sundslite og attendeliggande fylke». Til Kyrkje og undervisningsdepartementet gjekk det bod om at fylket trong motekspertise, eller bygdeorientert kunnskap, som kunne stryke lokalsamfunnet og utdanne folk lokalt.

Eit år før, i 1969, hadde filosofen Gunnar Skirbekk samanfatta ønsket om å skape eit nytt kunnskapsgrunnlag på bygdene i omgrepet motekspertise. Motekspertisen skulle tale periferiens sak og brukast mot truslar som urbanisering og avfolking av utkantane. Aksjonen for distriktshøgskulane flaut på denne ideologien, og bygde opp under og spelte på dei politiske skillelinjene mellom land og by, men dette var ikkje i tråd med kva Sogn og Fjordane fylke ønskte seg. Fylkeskommune og fylkesmann ønskte seg utdanning og forskning som kunne bidra til modernisering og utvikling i eit fylket som knapt hadde opplevd vekst i sysselsetting etter 1945.



Lokal versus internasjonal
Ein kan i ettertid spørre seg kor hensiktsmessig den motstraumske ideologien var for bildet av skulen og fylket utad. Den bar heller ikkje frukter i form av vekst ved institusjonen, og rundt 1982 ser ein eit skifte der ein går vekk frå satsing på motekspertise og ein klar lokalsamfunnsprofil. Denne vart erstatta av studieprogram som var ettertrakta av studentane, og som styresmaktene var villige til å gje løyvingar til. No skaut veksten fart. Marknadstilpassing med andre ord.

Denne motmakttradisjonen viste seg altså å vere mindre vellukka, men med nytt innhald lever den vidare. Motkultur og motmakt har blitt til medmakt og trendy kulisser for ei karriere på bygda. Den politiske motkulturen er erstatta med glatt medkultur og snøbrett, pudderdynka omgivelsar for deg som ønsker å gå rett inn i leiarstillingar (fordi her er ingen konkurranse), og leve fritt som fuglen med ei friskluftsprega fritid.
Men på same måte som det er dei mest ressurssterke (pengesterke) turistane som har råd til mange av dei Innovasjon Norge-finansierte turistopplevingane på det turistvennlege Vestlandet, er det dei ressurssterke eliteunge ein henvender seg til via den Innovasjon Norge-spekka lettfordøyelige marknadsføringa av distrikta som bustad. Eit paradoks oppi det heile er at ein på trass av dette nyttar Moods of Norway, ei bedrift som for det meste held til alle andre stadar enn i fjordfylket, men som brukar fylket som merkevare, på framsida av Aftenposten-bilaget om Sogn og Fjordane. Har ein ingen andre sidan ein må velge nokon som i praksis held til i storbyar?)



Eliten går på ski - elitistisk markedsføring av distrikts- Norge
Ein prøver å endre innhaldet i ordet “distrikt”. Språk er som kjent makt, og diskursen rundt distrikta må endrast om dei skal vinne kampen om dei eliteunge. Historiene om fjella, auren på bålet og skia fortel historia om den einsame vandrar i norsk natur, den gamle djupt rotfesta, men også fastlåste, mynta på nikkersadelen, den velbeslåtte over- og middelklassen som tar toppturskia på nakken og Norrøna-sekken på ryggen med sikte mot skauen. Skiturane i marka er eit rituale som blir utført av dei som har tid, overskudd og råd. Ola Nordmann er ikkje lenger fødd med ski på beina, om han nokon gong har vore det, og Norge er i ferd med å bli eit fleirkulturelt samfunn men dette er ikkje spegla i imaget til Sogn og Fjordane.

Norsk distriktsmarknadsføring har eit snev av elitisme over seg. Er du sporty, kom til oss. Med andre ord: er du ressursterk og har du overskot, kom til oss. På dette punktet har marknadsføringa av distrikta truffe høgkompetansemålgruppa den ønsker å tiltrekke seg. Med høg utdanning følgjer ofte god løn, og har du pengar og ordna arbeidstider kan du kjøpe deg dyrt skiutstyr og heiskort, samt ta deg helgeturar til Stadt for å surfe, eller kjøpe deg ein pitoresk Vestlandsgard der du kan drive oppdrett av moteriktige villsauer.
Det er ikkje alle som kan kjøpe seg gard og starte oppdrett av utegangarsauer medan ein driv designfirma med venstrehanda, har tre ungar i skulealder og syklar til og frå jobben med nye stipend frå Innovasjon Norge i korga på styret. Det er det ressurssterke og konsumerande middelklassemennesket som har ressursar til å leve slik.



Det nye imaget trer fram
Før var motmakt politisk og noko særeigent. Den nye motmakta, eller merkevara frå distriktet, er medmakt og mainstream. Det apolitiske bildet som trer fram av Sogn og Fjordane anno 2009, får meg til å tenke på Rousseaus naturstand: forestillinga om eit apolitisk samfunn som utgangspunkt for det gode liv. Han skreiv Om samfunnspakten (Du contrat social, 1762), og kom den kjende uttalelsen: «Mennesket er født fritt, og det er overalt i lenker». Mennesket har det best i sin naturtilstand, men sivilisasjonen og samfunnet har ødelagt det.

Vi lever i ei tid med stort fokus på sjølvrealisering. Dette konseptet er tatt inn i marknadsføringa av Sogn og Fjordane: sjølvrealiseringsfylket for deg som vil gå kjapt inn i ein kul stilling. Marknadsføring er retta mot dei ressurssterke. Livsstilsfylket: fylket der du kan velge din personlige livsstil. Men historiene er populistiske, upersonlige og klisjefylte. Dei manglar eigenart og orginalitet og liknar meir på overflatisk reklame og kommersielle produkt enn reelle historier.


Bloggarane frå bygda
Spørsmålet blir dermed korleis ein kan få fram desse personlige, individuelle historiene frå distriktet uten å ramle ned i upersonlige klisjear og kommersiell reklamepreg. Eit forslag er å bruke bloggarar med tilknytning til distriktet og fokusere på det som verkelig er personlig og som er reelt, som fortel dei personlige historiene frå faktiske menneske i eit faktiske lokalmiljø. Mange trur, utan tvil, at bygda er ein daud stad der lite skjer, hit vil dei ikkje flytte for ein kvar pris, og det er her bloggarane frå bygda kan gjere ein jobb i kraft av og vere seg sjølv.

Eit av dei viktigaste punkta i omdømebygging er nettopp at historiene ein presenterer må vere sanne og realistiske, og det er verken sant eller realistisk å drive småbruk med venstre handa medan ein er designer og halvtids snøbrettkøyrar med høgre. Bloggarane og kvardagslivet i distrikta er derimot noko for alle. Kven som helst kan fortelle om livet sitt på ein blogg. Eit forslag er å lage ein bloggportal Sogn og Fjordane der ein knyter til seg gode bloggarar frå heile fylket, og bruker denne i marknadsføringa av fylket. Der er mange gode bloggarar å ta av. Nokre få eksempel er den nydelige bloggen hjartesmil.blogg.no, "Blogg frå bygda" jostedalsrypa.no, "Å symje er ikkje å bade" fjordymjaren.blogg.no, "Langrennaren" langrennaren.blogspot.com og "Johannes Eggen Mundal" johannes-eggen-mundal.origo.no/-/sandbox/show/78365_johannes-eggen-mundal-blogg.

Sjølv om næringslivsmesser er gøy, er internett det nye mediet, og bloggarane er på full fart inn i det offentlige rom som meiningssterke aktørar med stor påvirkningskraft, dagsordensfunksjon og sterk retorisk makt. Ein av Norges mest leste bloggarar, Hjorten19, held til i Flora i Sogn og Fjordane. Han har med sine 2292 lesarar per veke20 langt fleire treffpunkt enn næringslivsmessene sitt totale antal besøkande i 2009 som var 75021. Dette treng derimot ikkje bety at ein treng velge messer eller bloggar. Ein kan ha begge deler.

I tillegg kan ein lage ein "kafeportal", med oversikt over alle koselige møtestadar for folk i fjordfylket. Gode eksempel er kafe Nærleiken i Eikefjorden eller Osebua på Viksdalen. Desse sosiale stadane kan trekkast inn i fortellinga om Sogn og Fjordane. Dette handlar ikkje om kaffe latte, men om å dyrke fram trivsel og eit sosialt liv for den enkelte.

Heller enn å dyrke den upersonlige medkulturen, kan ein kan dyrke det personlige, nære og ikkje minst unike. Bloggarane kan bli starten på marknadsføringa av Sogn og Fjordane som eit fylket der du kan realisere ditt personlige liv i tett kontakt med ei global verd.
Takk til Jon Hovland, Anders Ravik Jupskås, Jørgen Jensenius og bloggarane frå distrikta for konstruktive innspel.


Responsen var svært positiv i etterkant. Både frå Framtidsfylket og andre.
Bloggar hos Framtidsfylket, Yast-gründerane, NRK,


11. jan. 2012

Verdas vakraste pensjonistreise/ engelske turistar på hurtigruta

På min veg til Kirkenes går eg ombord på hurtigruta i Tromsø. Tromsø har stort, nytt glasbibliotek i fleire etasjar, ishavskatedral og rådhus der lysa blinkar i takt i lyshow oppover i etasjane når kvelden sig på.
Tromsø har også eit livlig uteliv, og eg fekk ei detaljert innføring i byens nattklubbar av ei dørvakt eg møtte i mi jakt på fiskemat.

Ombord i hurtigruta merka ganske snart at eg var ein av dei yngste ombord. Eg deltok med andre ord på verdas vakraste pensjonistreise, og etter kort tid sat eg linja opp framme på dekk blant ei lang rekke andektige pensjonistar.

Sjå på dei små gardane, seier ein engelsk turist når vi er på veg ut frå Tromsø. Små gardar ligg nede i strandkanten under tett skog og bratte fjellsider. Bur her verkeleg folk? Og har dei veg? Ein heil flokk engelske turistar lener seg mot ruta i panoramasalongen og deltek aktivt i jakta på ein veg. Jo, sanneleg. Det ser ut som om det er ein veg der inne mellom trea, utbryt den eine. Resten av tida brukar turistane på å løyse kryssord, lese store pocketbøker på store europeiske språk eller vinke til andre båtar på sjøen.

Fleire eg snakkar med på mi reise i Nord-Norge seier at rike russiske turistar etterkvart kan bli ei vikig inntektskilde for landsdelen. Vår store nabo i øst er i sterk vekst og utvikling, men eg trur ikkje eg ser ein einaste russisk turist ombord.

Eg kjem også inn i ein lenger samtale med ein tunghøyd engelsk mann, det vil sei han snakkar til meg og høyrer ikkje det eg seier tilbake.

Mannen snakkar om dottera si som var bankdirektør med lange arbeidsdagar, som følte at livet passerte utan at ho fekk delteke, og om at ho til slutt sa opp jobben og begynte som bonde. No melkar ho kyr og steller høns i Wales. Ho drog ut av byen, tilbake til bygda.

Veit du at ender kan bygge reir oppe i tre? spør han meg, og svarar sjølv. Endene hennar lærte av hønene at dei kunne bygge reir i toppen av tre. Eg er usikker på om eg har skjønt han riktig.

Og veit du kva eg seier til alle barnebarna mine, spør han meg, og svarar som vanleg sjølv. Det har ikkje noko betydning kva de føretek dykk i livet, så lenge de er lukkelege. Sjølv omskulerte han seg frå våpenprodusent til møbelreperatør i ein alder av 55.

Eg går i land i Honningsvåg i Finnmark. Honningsvåg har ei rekke nedlagde butikkar. Malinga flassar på bygningane. Skodda ligg tung og det er salt i lufta. Eg møter ein kar på gata og vi slår følge bortover. Han viser meg den gamle fiskefabrikken som no er turisthotell. Karen har fem barn, men fire av dei har flytta til andre delar av landet. Berre ei er att.

Men ikkje alle som reiser, blir borte. Sjefen for radio Nordkapp snakkar engasjert om folketalet i Nordkapp kommune som stuper med rundt femti i året. Men det er fleire enn femti som reiser, seier han.

Årsaka til at det likevel ikkje blir større minus enn femti, er at fleire også kjem att til kommunen. Graset var ikkje så mykje grønare på den andre sida som dei kanskje trudde då dei drog, seier han. Dei kom tilbake til Honningsvåg.

Pensjonistturistane ruslar tilbake i hurtigruta, gode og mette på veg til ein ny sjømatmiddag. På kaien blir sameboda pakka ned i full fart.

Att ligg Honningsvåg. Eg anar ein slags desperasjon. Er postkortsalg på kaia siste utveg for å overleve? Finst det ei framtid for slike små samfunn langs kysten? Eg lurer på om dei skal bli til kulisser over eit liv som var, kulisser av ein idyll gamle damer frå kontinentet ønskjer å oppleve akkomangert av dyr vin og drinkar på dekk.

Vi spaserte gatelangs i Honningsvåg, seier ei gamal dame bak meg i kafeen. Vil det same vere mogeleg når eg sjølv er pensjonist om førti år?

Trykt i Nationen som gjestespalte 29.juli 2008. 

Russland - ikkje for pingler

"How are you?»
Det er Kelly, sjef for tolv krabbetrålarar under russisk kommando, som er på tråden.
«Vi er i Oslo i kveld», seier han. «Vil du bli med ut og ete?» «Yes», seier eg og set meg på første trikk.

Kelly er ingen trøytt Blinderntype. Han er ein real krabbefiskar med jobb på Barentshavet og hamn i Kirkenes. LÆRER SEG KNEP Første gong eg møtte Kelly, var i 2007 under ein fotoseanse med ordførarkandidat, og seinare ordførar i Sør-Varanger, Linda B. Randal (Ap) på kaia i Kirkenes. Kelly heisa meg ned i lasterommet på trålarane, viste fram krabbefabrikken og dei tronge lugarane, kjøkkenet og krabbeteinene som tårna seg opp på dekk.

Året etter kom eg tilbake, og vi festa på Kirkenes-dagane saman med mannskapet. Igjen sat vi i dei tronge lugarane og drakk russisk te. «Men no sender russarane oss heim til USA», seier Kelly der vi sit benkja med kvit duk på Aker brygge eit halvt år seinare. «Russarane har lært seg knepa og kan fiske opp kongekrabbene sine sjølve. Dei treng oss ikkje lenger», seier han.

Eg har høyrt det før. Russarane lærer, kopierer, stikk av med knepa vi kunne før dei. Dei seier det i Rovaniemi i Nord-Finland, i Umeå i Sverige og i Noreg. Det handlar om lapplandske trehusmodellar, om finskproduserte betongmaskiner og om ameri- kanske krabbefiskemetodar. Russarane vil klare det sjølve. Den russiske bjørnen har vakna, sa dei i fjor, seier dei i år. Russarane står ikkje lenger med lua i handa, seier næringslivet oppover norskekysten og set seg på grensegjerdet. Den russiske marknaden er ikkje for pingler.

Det var i 1995 at Kelly som éin av femti erfarne amerikanske krabbefiskarar blei henta frå USA for å hjelpe russarane med å fange kongekrabben. Dette hadde russarane lita erfaring med sjølve. Krabbene høyrer like lite heime i russisk Barentshav som på dekket av ein båt. Då var det 36 år sidan ti store hokrabber blei fanga i havet utanfor Vladivostok og frakta til Murmanskfjorden med fly, helikopter, tog og båt. Men det var lettare sagt enn gjort å fange dei inn att. Ein må vite kvar dei vandrar, i kva retning og kor djupt. No er gåta knekt, og berre Kelly blir att. Kan hende skal han styre heile flåten frå St. Petersburg frå hausten av.

PILS NORD I FINLAND «Ser du pipene? Det er Nikel.» Røyken stig opp over skogen. Vi står i toppen av eit tårn på russegrensa på Svanvik og skimtar høge fabrikkpiper eit par karljohanske lengder unna. Trappene er stupbratte. Babusjka-dokkene står lina opp.

Dagen etter har bussen kurs for Inari i Lappland. På ein pub i den nordfinske villmarka sit ein russar på trammen med morgonpils saman med det finske reisefølgjet mitt. På vatnet landar eit sjøfly. «Russarane kjøper opp hyttetomter og ferieeigedomar i enkelte delar av Finland. I feriane fløymer Rovaniemi over av russiske turistar. «Ikkje alle likar det», fortel han.

«Russland har blitt ein stor marknad for snøscooterar og laplihus og teknologi og, ja, det meste». «Men dei fleste som prøver seg i Russland, får det ikkje til», seier han og bøyer seg framover bordet. Inne går jukeboksen på full guffe. «Dei har ikkje peiling på kva det vil seie å gjere business i Russland.»

DEN RUSSISKE BJØRNEN Fire røffe krabbefiskarar sit rundt eit bord på Aker brygge. Kelly fortel korleis eigaren av krabbeflåten tømmer restauranten i St. Petersburg for folk når han skal ete saman med dei krabbefiskande gjestene sine frå det høge nord. «Om sjefen er involvert med mafia? Eg veit ikkje», seier Kelly, og eit bilete stig opp i skallen min:

På trammen i dei finske skogane fekk eg ei sterk kjensle av å vere på ein av desse landevegspubane langt nord i USA der hjortehorn heng på rekkje og rad over bardisken, og nokon gjev deg streng beskjed om å passe deg for bjørn. Skilnaden er at vi her snakkar om den myteomspunne russisk bjørnen som delar av nordisk næringsliv så gjerne vil ha ein bit av. Den russiske bjørnen har vakna, sa dei i fjor, seier dei i år. Russarane står ikkje lenger med lua i handa, seier næringslivet oppover norskekysten og set seg på grensegjerdet. Den myteomspunne russiske marknaden er ikkje for pingler.

Anne Viken fekk i 2008 Nordisk Råds journalistpris for å dra til norske, finske og svenske nordområder. Artikkelen vart trykt i Dag og Tid 20.juni 2009.

6. jan. 2012

En nasjon av kjøtthuer

Svenn Arne Lie er ute med bok:


  • Hvorfor sulter én milliard mennesker i en verden som produserer mer mat enn noen gang?
  • Er norske bønder ulønnsomme parasitter med sugerør ned i statskassa?
  • Hvorfor spiser vi fire ganger mer kylling enn vi gjorde for 20 år siden?
  • Hvorfor sulter én milliard mennesker i en verden som produserer mer mat enn noen gang?
  • Er norske bønder ulønnsomme parasitter med sugerør ned i statskassa?
  • Hvorfor spiser vi fire ganger mer kylling enn vi gjorde for 20 år siden?
I En nasjon av kjøtthuer gransker forfatterne myter om norsk landbrukspoltiikk. Dette er en bok om noe av det mest grunnleggende ved livene våre: maten.

Bestill eller les meir om boka

4. jan. 2012

Slik ser sunn og etisk mat ut

Villsauene til Hilde Buer lever ute heile året på øya Grønenga i Florø.

Vite meir om korleis sunn og etisk mat blir til? Sjekk ut: Villsauboka.