Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra april 17, 2008

Vår og kritkk av ukritisk bruk av anonyme kjelder

FOTO: Biletet viser ein kalv. Det kan alle sjå. Årsaka til at den passer her, er at eg befinn meg heime i Bygstad og her har fattern ei heil mengde med kyr og kalvar og andre firbeinte dyr. Fotograf er meg. No har det seg sånn at eg har klart å pådra meg lungebetennelse av alle ting. Heilt unødvendig spør du meg, sjølvsagt er det unødvendig. Eg har på ingen måte lyst å gå sjuk i vekesvis. Kven har vel tid til det i vårt prestasjonsbaserte samfunn der du helst skal levere fleire kubikkmeter med resultat, eks antall sosiale kveldar og eit meget vellykka kjærleiksliv på band kvar einaste veke. Så her sit eg då, tiltakslaus og steiker i solveggen iført tjukk genser, skjerf, caps og svære solbriller medan eg les Dagens Næringsliv, Firda og ei rekke bøker eg ikkje tørr nevne namn på av hensyn til mitt celebre rykte som journalist med god smak kva angår litteratur. Så korleis veit ein at ein har lungebetennelse. Eg for min del var sjaber og vart meir og meir sjaber og sjangla litt, begynte å